2.15. Eg har venta lenge, men GIMP reagerer ikkje

Symptom: Musepeikaren roterer og vindauget seier programmet ikkje responderer og du kan ikkje gjera noko i GIMP.

Løysing: Nokre filter og andre operasjonar kan bruka lang tid på store bilete eller viss datamaskinen ikkje har nok ledig minne. Kan hende du berre må vera litt meir tålmodig. Av og til kan det hjelpa å redusera arbeidsområdet ved å laga eit lite utval rundt det.

Som andre dataprogram, er heller ikkje GIMP fullkome. Du kan ha funne ein feil. Det beste du kan gjera er å rapportera det, sidan du kan vera den første som oppdagar feilen. Viss du ikkje sender rapport om det, vert det heller ikkje fiksa før ein annan finn same feilen.

Det første du gjer er å sjå etter at du brukar siste versjon av GIMP. Viss ikkje, så oppdater og prøv å gjenskapa feilen i den oppdaterte versjonen. Viss han er der også, sjå etter om dette er ein kjend feil ved å søkja på list of issues etter feilen (sjå også gjennom lukka saker, også saker som er fiksa vert lukka sjølv om det ikkje finst nokon ny versjon). Viss du ikkje finn feilen der, opna ei ny sak der du tek med alle detaljar som operativsystem, GIMP-versjon, kva verktøy eller filter du brukte og kva som eigentleg hende. Å leggja ved eit skjermbilete eller biletet du arbeidde på, kan også vera til hjelp i nokre tilfelle. Hugs at alt går føre seg på engelsk. Føler du deg ustø i engelsken, hugs at mange av utviklarane heller ikkje har engelsk som morsmål.