2. Vanlege årsaker til at GIMP ikkje reagerer

2.1. Det er eit flytande utval i biletet

Figur 4.1. Lagdialogvindauget viser eit flytande utval.

Lagdialogvindauget viser eit flytande utval.

Viser eit flytande utval som kan forankrast ( Ctrl+H) eller gjerast til eit nytt lag ( Shift+Ctrl+N).


Symptom: Dersom det finst eit flytande utval i biletet, vil mange av verktøya vera fråkopla. For å kontrollera dette, sjå i lagdialogvindauget, snarveg Ctrl+L (forviss deg om at det er sett for det biletet du arbeider på) om det øvste laget heiter «Flytande utval».

Løysing: Høgreklikk på det flytande utvalet for å opna lagmenyen og vel anten Forankra laget (snarveg Ctrl+H) for å forankra det flytande laget til laget under eller laga det om til eit vanleg lag ved å velja Til nytt lag (snarveg Shift+Ctrl+N). Viss du treng meir hjelp om dette, sjå Flytande utval.