12.5. Ullen kant

12.5.1. Oversyn

Figur 17.251. Eksempel på bruk av filteret «Ullen kant»

Eksempel på bruk av filteret «Ullen kant»

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret «Ullen kant»

«Ullen kant» brukt


Dette filteret legg til ein kul falsert kant rundt bilete. Kanten vil sjå taggete og uklar ut, og du kan spesifisera farge og breidd på den falserte kantlinja. Eventuelt kan du leggja til ein skugge til biletet.

12.5.2. Aktivering av filteret

Du har tilgang til dette filteret frå hovudmenyen via FilterDekorUllen kant….

12.5.3. Innstillingar

Figur 17.252. Innstillingane for «Ullen kant»

Innstillingane for «Ullen kant»

Farge

Klikk på denne knappen for å få opp dialogvindauget for å velja farge på kanten.

Kantbreidde

Her kan du setja breidda på den ulne kanten (i pikslar). Maksimum er 300 pikslar same kva breidde og høgde biletet har.

Slør kanten

Viss denne er merkt vert kanten uklar. Eksempelet nedanfor viser effekten av sløringa:

Figur 17.253. Eksempel på verknaden av «slør kanten»

Eksempel på verknaden av «slør kanten»

Med sløring

Eksempel på verknaden av «slør kanten»

Utan sløring


Figur 17.254. «Slør kanten» forstørra til 1600%

«Slør kanten» forstørra til 1600%

Med sløring

«Slør kanten» forstørra til 1600%

Utan sløring


Korning

Korninga av kanten er omlag det same som storleiken på pikselblokkene som vert spreidde utover for å laga den ujamne, ulne kanten.

Figur 17.255. Eksempel på bruk av korning, utan sløring

Eksempel på bruk av korning, utan sløring

Korning 1, minimum

Eksempel på bruk av korning, utan sløring

Korning 4, normalinnstillinga

Eksempel på bruk av korning, utan sløring

Korning 16, maksimum


Legg til skugge

Viss avmerkt, vil filteret også laga ein skugge langs kanten.

Figur 17.256. Eksempel på bruk av «Legg til skugge»

Eksempel på bruk av «Legg til skugge»

Det er merkt av for «Skugge», skuggevekt 100 % (normalinnstilllinga)

Eksempel på bruk av «Legg til skugge»

«Legg til skugge» med skuggevekt 10 %.

Eksempel på bruk av «Legg til skugge»

«Legg til skugge» ikkje avmerkt (standard)


Vekting av skugge

Dersom Legg til skugge er avmerkt, kan du setja dekkevna for skuggen her. Standard er 100 % (full dekkevne).

Arbeid på kopi

Dersom du har merkt av for dette valet, vil filteret oppretta eit nytt vindauge med filteret brukt på ein kopi av biletet. Originalbiletet vere uforandra.

Flat ut biletet

Viss dette ikkje er merkt av, beheld filteret dei ekstra laga det brukte for å laga ramma og skuggen (viss det krevst). Standard er å slå saman alle lag.