12.6. Gammalt foto

12.6.1. Oversyn

Figur 17.257. Eksempel på bruk av filteret «Gammalt foto»

Eksempel på bruk av filteret «Gammalt foto»

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret «Gammalt foto»

Eksempel på bruk av filteret «gammalt foto»


Dette filteret gjer at biletet vert sjåande ut som eit gamalt foto: litt sløra, ujamne kantar og bruntona med flekkar.

12.6.2. Aktivering av filteret

Du har tilgang til dette filteret frå hovudmenyen via FilterDekorGammalt foto….

12.6.3. Innstillingar

Figur 17.258. Innstillingane for filteret «gammalt foto»

Innstillingane for filteret «gammalt foto»

Gjer uskarpt

Viss denne er merkt, vert gaussisk sløring brukt for å gjera biletet litt uskarpt.

Figur 17.259. Eksempel på innstillingane for «gjer uskarpt»

Eksempel på innstillingane for «gjer uskarpt»

«Gjer uskarpt» slått på

Eksempel på innstillingane for «gjer uskarpt»

«Gjer uskarpt» slått av


Kantbreidde

Dersom du set kantbreidda til større enn 0, vert filteret ullen kant aktivert for å laga ein kvit, ullen kant rundt biletet.

Sepia

Viss slått på, vil denne funksjonen imitera eldinga til eit svart/kvit foto ved å leggja til variantar av ei bruntone i biletet, den såkalla sepiaeffekten. [11] Filteret gjer dette ved å avmetta biletet, redusere lysstyrke og kontrast og forandra fargebalansen. [12]

Flekklegg

Når dette valet er merkt, vert det lagt inn prikkar i biletet.

Figur 17.260. Eksempel på innstillingane for «flekklegginga»

Eksempel på innstillingane for «flekklegginga»

Flekklegging av eit einsfarga kvitt bilete (utan «Gjer uskarpt» og «sepia»)


Arbeid på kopi

Dersom du har merkt av for dette valet, vil filteret oppretta eit nytt vindauge med filteret brukt på ein kopi av biletet. Originalbiletet vere uforandra.



[11] Sjå Wikipedia [WKPD-SEPIA].