2.3. Dialogvindauge og dokkpanel

2.3.1. Organisering av dialogane

GIMP gjev deg stor fridom til å setja opp dine eigne dialogvindauge. Eit «dialogvindauge» er eit flyttbart vindauge som inneheld alternative innstillingar for eit verktøy eller er dedikert til ei spesiell oppgåve. Eit dokkpanel er ein behaldar som kan innehalda ei samling av vedvarande dialogvindauge, for eksempel dialogvindauga «Verktøyinnstillingar», «Penslar», «Palettar» og så vidare. Eit dokkpanel kan ikkje innehalda ikkje-vedvarande dialogvindauge som for eksempel vindauge for innstillingar eller biletvindauget.

GIMP har tre førehandssette dokkpanel:

  • dokkpanelet for verktøyinnstillingane, einingsstatus, angreloggen og bilete under verktøykassen i det venstre panelet,

  • dokkpanelet for penslar, mønsterelement, skrifttypar og dokumentlogg i den øvre delen av panelet til høgre,

  • laga, kanalar og banar i den nedre delen av det høgre panelet.

I desse dokkpanela er kvart vindauge lagt i ei eiga fane.

I multivindauge-modus er verktøykassen eit bruksvindauge og ikkje eit dokkpanel. I enkeltvindauge-modus er verktøykassen ein del av det enkle vindauget.

Bruk VindaugeDokkpanel for å få fram lista over dialogvindauge som kan limast inn i andre dialogvindauge som dokkpanel. Du kan opna eit slikt dialogvindauge ved å klikka på det i lista. Dersom dialogvindauget er tilgjengeleg i eit dokkpanel, vert det vist der, elles vil handsaminga vera avhengig av om programmet er i multi- eller enkeltbilete-modus:

  • I multivindauge-modus vil eit nytt dialogvindauge koma opp på skjermen.

  • I enkeltvindauge-modus vert dialogvindauget automatisk limt inn som ei fane i pensel-dokumentloggvindauget.

Du kan klikka og dra ei fane til den plassen du ønskjer:

  • anten i fanelinja i eit dokkpanel eller integrert i dialoggruppa,

  • eller på ei dokkpanellinje som vert synleg når musepeikaren går over vindaugekanten for å forankra dialogvindauget til vindauget.

I multivindauge-modus kan du også klikka på dialogtittelen og dra han der du ønskjer.

Figur 3.7. Å integrera eit nytt dialogvindauge i ei dialoggruppe

Å integrera eit nytt dialogvindauge i ei dialoggruppe

Her, i multivindauge-modus, vart histogramdialogvindauget dradd til fanelinja i angrevindauget for lag.


Enklare: kommandoen Legg til fane i fanemenyen: Del 2.3.2, «Fanemenyen».

Figur 3.8. Å forankra eit dialogvindauge til kanten av eit dokkpanel

Å forankra eit dialogvindauge til kanten av eit dokkpanel

Histogramdialogvindauget er dradd over til det venstre innlimingsområdet og sleppt der. Resultat: Dialogvindauget er no forankra til den venstre kanten av det høgre panelet. Dialogvindauget høyrer no til det høgre panelet.

Du kan altså arrangera dialogvindauge i ei multi-kolonne-vising. Dette kan vera nyttig dersom du arbeidar med to skjermar, ein for biletet og ein annan for menyane.


[Tips] Tips

Trykk Tabulator-tasten for å slå visinga av dokkpanela av og på. Dette kan vera nyttig når dokkpanelet ligg over heile eller delar av biletvindauget. Du kan raskt gøyme alle dokkpanela, utføre arbeidet ditt og deretter visa dei igjen. Trykk på Tabulator-tasten inne i eit dokkpanel for å navigera deg gjennom dette vindauget.

2.3.2. Fanemenyen

I kvart dialogvindauge har du tilgang til ein spesialmeny med fanerelaterte operasjonar ved å klikka på fanemenyknappen . Nøyaktig kva for kommandoar som dukkar opp i menyen er avhengig av det gjeldande dialogvindauget, men dei vil alltid innehalda operasjonar for å laga nye faner eller for å lukka dei eller slå dei av.

Figur 3.9. Fanemenyen for lagdialogvindauget.

Fanemenyen for lagdialogvindauget.

Multivindauge-modus

Fanemenyen for lagdialogvindauget.

Enkeltvindauge-modus


Ein fanemeny gjev deg tilgang til følgjande kommandoar:

Innhaldsmeny

Øvst på kvar fanemeny finn du innhaldsmenyen. Denne menyen viser operasjonar relaterte til den spesifikke fanemenyen dette gjeld. For eksempel vil innhaldsmenyen Lagdialog innehalde eit sett av operasjonar for å arbeide med biletlag.

Legg til fane

Legg til fane vil opna ein undermeny som viser alle dei tilgjengelege dialogvindauge som kan leggast inn som faner.

Figur 3.10. Undermenyen «Legg til fane»

Undermenyen «Legg til fane»

Lukk fane

Lukkar dialogvindauget. Dersom dette er det siste dialogvindauget i dokkpanelet, vert også dokkpanelet lukka.

Løys fane

Løyser fana frå dokkpanelet og legg ho som einaste fane i eit nytt dokkpanel. Du kan gjera det same ved å dra fana ut av dokkpanelet og sleppe ho på ein tilfeldig plass på skjermen der ho ikkje kan limast inn.

Dette er ein måte å oppretta eit ekstra vindauge i enkeltvindauge-modus!

Dersom fana er låst, vil dette menyvalet vera gråa ut som fråkopla.

Lås fana til dokkpanelet

Hindrar at dialogvindauget vert flytt eller løyst. Når det er kryssa av for denne, vil Løys fane vera uverksam og gråa ut.

Storleik på førehandsvisinga

Mange, men ikkje alle, dialogvindauge har fanemenyar som inneheld eit val for Førehandsvisingsstorleik, som opnar ein undermeny med ei liste over storleiken for elementa i dialogvindauget, frå liten til stor. For eksempel så viser penseldialogvindauget bilete av alle tilgjengelege penslar: Førehandsvisingsstorleiken bestemmer kor store bileta er. Standard er Middels storleik.

Fanestil

Fanestil opnar ein undermeny som let deg velja utsjånaden til dei øvste fanene. Det er fem val, men ikkje alle er tilgjengelege i alle dialogvindauga:

Ikon

Vis eit ikon som representerer dialogvindaugetypen.

Status no

Dette valet er berre tilgjengeleg i dialogvindauge der du kan velja eit eller anna, som til dømes pensel, mønsterelement eller fargeovergang. Det valde elementet vert vist øvst i fana som Noverande status.

Tekst

Vis dialogvindaugetypen som tekst.

Ikon og tekst

Bruk av både tekst og ikon vil føra til breiare faner.

Status og tekst

Vis det valde elementet og tekst med dialogvindaugetype.

Vis som liste, Vis som rutenett

Desse vala vert viste i menyboksar der du har høve til å velja element frå eit sett, slik som penslar, mønster, bokstavtypar osv. Du kan her velja å visa elementa som ei liste med namn og andre opplysingar for kvart element, eller som ein tabell sett opp i eit rutemønster med ikon for kvart element, men utan namn. Kvar av måtane har sine fordeler. Listeforma gjev deg mest informasjon, medan tabellforma kan visa fleire element samstundes. Dei fleste dialogvindauga vert i normaloppsettet viste på listeform, men for eksempel dialogvindauga for penslar og mønster vert normalt viste på tabellform.

Når ei tre-vising er sett som Vis som liste, kan du bruka taggar. Sjå Del 3.7, «Tagging».

Du kan også bruka søkjefeltet for lister:

Figur 3.11. Søkjefeltet for lister.

Søkjefeltet for lister.

Bruk Ctrl+F for å opna søkjefeltet vist ved knappen. Det må vera eit merkt element for at denne kommandoen skal kunna brukast.


Søkjefeltet vert lukka automatisk etter 5 sekund dersom du ikkje gjer noko.

[Notat] Notat

Denne snarvegen er også tilgjengeleg i trevisinga for innstillingane «pensel», «skrifttype» og «mønsterelement» i fleire verktøy.

Vis knapperad

Nokre dialogvindauge som t.d. mønsterelement, penslar, fargeovergangar og bilete, har ei knapperad nedst i vindauget. Du kan slå av eller på visinga med denne kommandoen.

Figur 3.12. Knapperada i penseldialogvindauget.

Knapperada i penseldialogvindauget.

Vis biletutvalet

Dette valet er berre tilgjengeleg i multivindauge-modus. Dersom dette er avkryssa, vert ein biletmeny vist øvst i dokkpanelet:

Figur 3.13. Eit dokkpanel med biletmenyen utheva.

Eit dokkpanel med biletmenyen utheva.


Valet er ikkje tilgjengeleg for dialogvindauge feste til verktøykassen. Valet er berre interessant når du arbeidar med fleire opne bilete samstundes.

Følj gjeldande bilete automatisk

Dette valet er berre tilgjengeleg i multivindauge-modus. Også dette valet er interessant berre når du har fleire opne vindauge på skjermen. Informasjonen i dokkpanelet vil alltid gjelda for det valde biletet i nedtrekkslista over biletvala. Dersom Følj gjeldande bilete er kopla frå, må du bruka nedtrekkslista for å få fram biletdata for det aktuelle biletet i dialogvindauget. Dersom Følj gjeldande bilete er slått på, kan du velja bilete ved å trykkja på tittellinja for biletet.

Flytt til skjermen

Dette valet er ikkje alltid tilgjengeleg. Det opnar ein undermeny der du kan velja kva skjerm GIMP skal visast på. Viss du har berre éin skjerm, kan du ikkje flytta GIMP. Det andre valet, Opna skjerm …fortel oss at det er ein eksperimentell måte å velja ein ny skjerm på, og at det kanskje er betre å ikkje bruka han.