3. Tradisjonelle lagmodus

I GIMP 2.10 vart lagmodusane endra. Dei gamle perseptuelle lagmodusane er framleis tilgjengelege for å vera bakoverkompatible. Dei er kalla «Tradisjonelle lagmodus». Desse modusane vert brukte når du lastar inn bilete som er laga før innføringa av dei nye, stort sett lineære lagmodusane.

For å sjå meir om lagmodusar generelt, sjå standard lagmodusar.

Figur 8.46. Velja tradisjonelt lagmodus

Velja tradisjonelt lagmodus

Dialogvindauget for lagmodus viser nedtrekkslista Velja tradisjonelt lagmodus .


Viss du treng å vera kompatibel med eldre GIMP-versjonar eller du treng å bruka tradisjonelle lagmodus av andre grunnar, vel ikonet ved sida av nedtrekkslista Modus og endra innstillinga frå Standard til tradisjonell modus. Nedtrekkslista Modus vil no visa berre tradisjonelle lagmodus. Alle modusane har (tradisjonell) etter namnet (den valde modusen vil ha namnet (l)).

Figur 8.47. Bilete (masker) brukte i eksempla på lagmodus

Bilete (masker) brukte i eksempla på lagmodus

Maske 1

Bilete (masker) brukte i eksempla på lagmodus

Maske 2 (merk: i dette biletet er ikkje den aktuelle maska brukt, men eit skjermbilete med sjakkbrettmønsteret som viser gjennomsiktige delar i GIMP)


Figur 8.48. Bilete (bakgrunnar) brukte i eksempla på lagmodus

Bilete (bakgrunnar) brukte i eksempla på lagmodus

Nøkkelhengar

Bilete (bakgrunnar) brukte i eksempla på lagmodus

Ender


I beskrivinga av lagmodus er det også teke med dei matematiske formlane. Dette for dei som er nysgjerrige på matematikken som ligg bak desse utrekningane. Du treng ikkje forstå likningane for å brukalagmodus.

Likningane er skrivne med forkortingar. For eksempel betyr likninga

Formel 8.1. Eksempel


«For kvar piksel i det øvre (Maske) og nedre (Bilete) laget, legg du til kvar av dei tilsvarande fargekomponentane for å laga den resulterande pikselfargen E.» Fargekomponentane i pikslane må alltid vera mellom 0 til 255.

[Notat] Notat

Dersom det ikkje er sagt noko anna i beskrivinga nedanfor, vert ein negativ fargekomponent sett til 0 og ein fargekomponent større enn 255 vert sett til 255.

Eksempla nedanfor viser effekten av kvar av dei tradisjonelle modusane. Merk at for å gjera det enklare, er «(tradisjonell)» fjerna når vi nemner lagmodusane.

Sidan resultatet av kvar modus er svært avhengig av fargane i laga, kan desse eksempla berre gje ein generell idé om kva resultat modusa gjev. Du vert hermed sterkt oppmoda til å prøva dette ut sjølv. Ein grei måte å gjera dette på er å bruka to nokså like lag. Dette får du enklast til ved å kopiera det eine laget og gjera nokre små forandringar på kopien. Det kan vera å sløra kopien litt, flytte litt på han, bruka skalering, fargeinvertering eller liknande du måtte finna på. Prøv deg fram med ulike modus og sjå kva som hender.

Normal lagmodus

Normal

I denne gruppa er berre «Normal» normal.

Figur 8.49. Eksempel på lagmodus «normal»

Eksempel på lagmodus «normal»

Begge bileta er blanda med kvarandre med same intensitet.

Eksempel på lagmodus «normal»

Med 100 % dekkevne er berre det øvre laget synleg når du brukar modus «normal».


Normal-modus er den som er gjeldande dersom du ikkje set andre val. Det øvre laget dekkjer laget under. Ønskjer du å sjå noko av det underste laget må det øvre laget ha gjennomsiktige område.

Likninga er:

Formel 8.2. Likning for lagmodus «Normal»


Oppløys

Figur 8.50. Eksempel på lagmodus «oppløys»

Eksempel på lagmodus «oppløys»

Begge bileta er blanda med kvarandre med same intensitet.

Eksempel på lagmodus «oppløys»

Med 100 % dekkevne er berre det øvre laget synleg når du brukar modus «Oppløys».


Oppløys-modus løyser det øvre laget opp i laget under ved å teikna eit tilfeldig pikselmønster i område med delvis gjennomsikt. Dette kan nok vera nyttig i lagmodus, men kanskje meir nyttig som teiknemodus.

Effekten er best synleg langs kantar i biletet. Resultatet er lettast å sjå på eit forstørra skjermbilete. Biletet til venstre viser eit forstørra utsnitt i normalmodus medan det høgre biletet syner dei same to laga i «Oppløys»-modus. Du kan her sjå korleis pikslane er spreidde.

Figur 8.51. Forstørra skjermbilete

Forstørra skjermbilete

Normalmodus.

Forstørra skjermbilete

Oppløysmodus.


Lagmodus gjer lysare

Gjer berre lysare

Figur 8.52. Eksempel på lagmodus «gjer berre lysare»

Eksempel på lagmodus «gjer berre lysare»

Maske 1 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.

Eksempel på lagmodus «gjer berre lysare»

Maske 2 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.


I modus Gjer berre lysare vert kvar komponent i kvar piksel i det øvre laget samanlikna med tilsvarande komponentar i det nedre laget. Den høgste verdien i kvar samanlikning vert brukt i det nye biletet. Dersom det eine laget er einsfarga svart, vert det nye biletet identisk med det andre laget. Er det eine laget kvit, vert resultatet naturleg nok kvit.

Likninga er:

Formel 8.3. Likning for lagmodus «Gjer berre lysare»


Metoden er kommutativ, dvs. at det er likegyldig kva rekkefølgje laga er i.

Skjerm

Figur 8.53. Eksempel på lagmodus «skjerm»

Eksempel på lagmodus «skjerm»

Maske 1 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.

Eksempel på lagmodus «skjerm»

Maske 2 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.


I Skjerm-modus vert verdiane av kvar av dei synlege pikslane i dei to laga inverterte. Inverteringa vert gjort ved at kvar pikselverdi vert subtrahert frå 255. Dei inverterte verdiane vert så multipliserte med kvarandre, invertert igjen og deretter dividert med 255. Resultatet vert som oftast lysare, men kan sjå noko «utvaska» ut. Dersom det eine laget er svart, vert resultatet som det andre laget. Er det eine laget kvitt, vert også resultatet kvitt. Mørke fargar har ein tendens til å verta meir gjennomsiktige.

Likninga er:

Formel 8.4. Likning for lagmodus «Normal»


Metoden er kommutativ, dvs. at det er likegyldig kva rekkefølgje laga er i.

Avskygging

Figur 8.54. Eksempel på lagmodus «avskygging»

Eksempel på lagmodus «avskygging»

Maske 1 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.

Eksempel på lagmodus «avskygging»

Maske 2 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.


I modus Avskygging vert pikselverdien i det nedre laget multiplisert med 256 og deretter dividert med den inverse verdien av pikslelen i det øvre laget. Resultatbiletet vert som oftast lysare, men nokre fargar kan verta inverterte.

Avskygging er ein eigentleg ein fotografisk teknikk frå mørkerommet, og går ut på skygge av for lyset slik at deler av biletet vert litt mindre eksponert enn resten av biletet. Dette kan få fram fleire detaljar i skyggeområda. I GIMP får du denne effekten best fram når du nyttar teikneverktøya på gråskalabilete.

Likninga er:

Formel 8.5. Likning for lagmodus «Avskygging»


Addisjon

Figur 8.55. Eksempel på lagmodus «addisjon»

Eksempel på lagmodus «addisjon»

Maske 1 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.

Eksempel på lagmodus «addisjon»

Maske 2 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.


Addisjon er ein av dei enkle metodane. Pikselverdiane i dei to laga vert lagt saman (adderte). Som regel vert resultatet eit lysare bilete. Sidan resultatet kan verta større enn 255, vil ein del av dei lyse fargane verta sette til maksimumsverdien 255.

Likninga er:

Formel 8.6. Likning for lagmodus «Addisjon»


Metoden er kommutativ, dvs. at det er likegyldig kva rekkefølgje laga er i.

Lagmodus «gjer mørkare»

Gjer berre mørkare

Figur 8.56. Eksempel på lagmodus «gjer berre mørkare»

Eksempel på lagmodus «gjer berre mørkare»

Maske 1 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.

Eksempel på lagmodus «gjer berre mørkare»

Maske 2 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.


I modus Gjer berre mørkare vert kvar komponent i kvar piksel i det øvre laget samanlikna med tilsvarande komponentar i det nedre laget. Den minste verdien i kvar samanlikning vert brukt i det nye biletet. Dersom det eine laget er einsfarga kvit, vil det nye biletet vera identisk med det andre laget. Er det eine laget svart, vert resultatet naturleg nok svart.

Likninga er:

Formel 8.7. Likning for lagmodus «Gjer berre mørkare»


Metoden er kommutativ, dvs. at det er likegyldig kva rekkefølgje laga er i.

Multipliser

Figur 8.57. Eksempel på lagmodus «multipliser»

Eksempel på lagmodus «multipliser»

Maske 1 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.

Eksempel på lagmodus «multipliser»

Maske 2 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.


I Multipliser-modus vert pikselverdiane i det øvre laget multiplisert med verdien av pikslane i laget under. Resultatet vert deretter dividert med 255. Gjev som oftast eit mørkare bilete. Dersom det eine laget er einsfarga kvitt, vert resultatet det same som det andre laget (1 × I = I). Er eitt av laga einsfarga svart, vert resultatet svart (0 × I = 0).

Likninga er:

Formel 8.8. Likning for lagmodus «Multipliser»


Metoden er kommutativ, dvs. at det er likegyldig kva rekkefølgje laga er i.

Etterbelys

Figur 8.58. Eksempel på lagmodus «etterbelys»

Eksempel på lagmodus «etterbelys»

Maske 1 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.

Eksempel på lagmodus «etterbelys»

Maske 2 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.


I modus Etterbelys vert den inverse verdien av pikselverdiane i det nedre laget multiplisert med 256 og deretter dividert med 1 pluss pikselverdien i det øvre laget. Resultatet vert deretter invertert. Etterbelys har ein tendens til å lage mørkare bilete, nokså nær det same som modus «Multipliser».

Også Etterbelys er ein fotografisk teknikk frå mørkerommet, og går ut på å eksponera deler av biletet litt ekstra. Dette kan få fram fleire detaljar i høglysområda. I GIMP får du denne effekten best fram når du nyttar teikneverktøya på gråskalabilete.

Likninga er:

Formel 8.9. Likning for lagmodus «Etterbelys»


Lagmodusdane kontrast

Legg over

Figur 8.59. Eksempel på lagmodus «legg over»

Eksempel på lagmodus «legg over»

Maske 1 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.

Eksempel på lagmodus «legg over»

Maske 2 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.


I modus Legg over vert i teorien pikselverdien i det nedre laget invertert og multiplisert to gonger med pikselverdien i det øvre laget. Resultatet vert lagt til den opphavlege pikselverdien i det nedre laget og summen deretter dividert med 255. Dette vert så multiplisert med den originale pikselverdien i det nedre laget, og endeleg dividert med 255 igjen.

På grunn av ein programfeil [4] er den brukte likninga den same som vert brukt for mjukt lys. Dette vert ikkje retta opp i dei tradisjonelle lagmodusane. Men sjølv om du eksplisitt brukar tradisjonelle lagmodus, vil GIMP framleis bruka standard overlegg lagsmodus. Bilete som har tradisjonelt overleggsmodusen sett for eit lag, vil få det endra til tradisjonelt mjukt lys sidan det faktisk er det.

Mjukt lys

Figur 8.60. Eksempel på lagmodus «mjukt lys»

Eksempel på lagmodus «mjukt lys»

Maske 1 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.

Eksempel på lagmodus «mjukt lys»

Maske 2 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.


Modus Mjukt lys har ingenting med «Hardt lys» å gjera anna enn namnelikskapen. Har ein tendens til å mjuke opp kantane og å gjera fargane mindre klare. Liknar på modus «Legg over». I nokre versjonar av GIMP er Mjukt lys og «Legg over» identiske.

Likninga er komplisert. Ho treng Rs, som er resultatet av skjermmodus:

Formel 8.10. Likning for lagmodus «Normal»


Formel 8.11. Likning for lagmodus «Mjukt lys»


Hardt lys

Figur 8.61. Eksempel på lagmodus «hardt lys»

Eksempel på lagmodus «hardt lys»

Maske 1 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.

Eksempel på lagmodus «hardt lys»

Maske 2 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.


Modus Hardt lys ser forholdsvis komplisert ut fordi likninga består av to delar, ein for mørke fargar og ein for lyse fargar. Dersom pikselfargen i det øvre laget er større enn 128, vert laga sett saman etter den første formelen vist nedanfor. Er fargeverdien under 128, vert den nedste likninga brukt. Då vert pikselverdiane frå øvre og nedre lag multipliserte med kvarandre og deretter dividert med 256. Du kan bruka denne for å få klarara fargar og skarpe kantar når du kombinerer to fotografi.

Likninga er annleis og meir kompleks for verdiane >128 eller ≤ 128 :

Formel 8.12. Likning for lagmodus «Hardt lys» med M > 128


Formel 8.13. Likning for lagmodus «Hardt lys» med M > 128


Inversjon lagmodus

Differanse

Figur 8.62. Eksempel på lagmodus «differanse»

Eksempel på lagmodus «differanse»

Maske 1 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.

Eksempel på lagmodus «differanse»

Maske 2 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.


I modus Differanse vert pikselverdiane i det øvre laget trekte frå dei tilsvarande verdiane i det nedre laget. Sluttverdien er den absolutte verdien av differansen. Uansett korleis laga ser ut, vert resultatet nokså merkeleg. Du kan bruka det til å invertera element i eit bilete.

Likninga er:

Formel 8.14. Likning for lagmodus «Differanse»


Metoden er kommutativ, dvs. at det er likegyldig kva rekkefølgje laga er i.

Subtraksjon

Figur 8.63. Eksempel på lagmodus «subtraksjon»

Eksempel på lagmodus «subtraksjon»

Maske 1 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.

Eksempel på lagmodus «subtraksjon»

Maske 2 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.


I modus Subtraksjon vert pikselverdiane i det øvre laget trekt i frå (subtrahert) dei tilsvarande verdiane i laget under. Som oftast vert resultatet eit mørkare bilete med svært mykje svart, eller nær svart. Sidan resultatet kan verta eit negativt tal, vil ein del av dei mørke fargane verta sette til minimumsverdien 0.

Likninga er:

Formel 8.15. Likning for lagmodus «subtraksjon»


Trekk ut korn

Figur 8.64. Eksempel på lagmodus «trekk ut korn»

Eksempel på lagmodus «trekk ut korn»

Maske 1 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.

Eksempel på lagmodus «trekk ut korn»

Maske 2 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.


Modus Trekk ut korn er tenkt brukt for å trekke ut «filmkorna» frå eit lag for å produsere eit nytt, kornete lag, men kan også vera brukbar for å lage relieffliknande overflate. Verkemåten er å trekke piksleverdiane i det øvre laget frå verdiane i laget under og deretter legge til 128.

Likninga er:

Formel 8.16. Likning for lagmodus «Trekk ut korn»


Flett korn

Figur 8.65. Eksempel på lagmodus «flett korn»

Eksempel på lagmodus «flett korn»

Maske 1 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.

Eksempel på lagmodus «flett korn»

Maske 2 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.


Flett korn flettar eit kornete lag, for eksempel laga med modus «Trekk ut korn», saman med det gjeldande laget slik at dette vert kornete. Dette er det motsette av å «Trekkja ut korn». Pikselverdiane for dei to laga vert lagt saman og deretter vert det trekt 128 frå den samanlagte verdien.

Likninga er:

Formel 8.17. Likning for lagmodus «Flett korn»


Divider

Figur 8.66. Eksempel på lagmodus «divider»

Eksempel på lagmodus «divider»

Maske 1 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.

Eksempel på lagmodus «divider»

Maske 2 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.


I modus Divider vert kvar pikselverdi i det nedre laget multiplisert med 256 og deretter dividert med verdien + 1 av den tilsvarande pikselen i det øvre laget. (Verdien vert auka med 1 for å unngå eventuell divisjon med null). Gjev som oftast eit lysare bilete som av og til kan sjå noko «utbrend» ut.

Likninga er:

Formel 8.18. Likning for lagmodus «Divider»


HSV-komponent lagmodus

HSV kulør

Figur 8.67. Eksempel på lagmodus «HSV-kulør»

Eksempel på lagmodus «HSV-kulør»

Maske 1 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.

Eksempel på lagmodus «HSV-kulør»

Maske 2 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.


Modus HDV-kulør brukar kuløren (fargen) i det øvre laget og metninga og lysverdien frå det nedre laget for å laga det nye biletet. Dersom metninga i det øvre laget er 0, vert også verdiane for kulør teke frå det nedre laget.

HSV-metning

Figur 8.68. Eksempel på lagmodus «HSV-metning»

Eksempel på lagmodus «HSV-metning»

Maske 1 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.

Eksempel på lagmodus «HSV-metning»

Maske 2 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.


Modus HSV-metning brukar verdiane for metning i det øvre laget og verdiane for kulør i det nedre laget for å laga det nye biletet.

HSL-farge

Figur 8.69. Eksempel på lagmodus «HSL-farge»

Eksempel på lagmodus «HSL-farge»

Maske 1 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.

Eksempel på lagmodus «HSL-farge»

Maske 2 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.


Modus HSL-Farge brukar kulør og metning frå det øvre laget, og lysverdien frå det nedre laget for å laga det ferdige biletet.

HSV-verdi

Figur 8.70. Eksempel på lagmodus «HSV-verdi»

Eksempel på lagmodus «HSV-verdi»

Maske 1 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.

Eksempel på lagmodus «HSV-verdi»

Maske 2 er brukt som øvre lag med 100% dekkevne.


Modus HSV-verdi brukar lysverdien frå det øvre laget, og kulør og metning frå det nedre laget for å laga det ferdige biletet. Du kan bruka dette for å få fram detaljar i dei mørke og lyse områda utan å endra metninga.



[4] Sjå det gamle Bugzillasporet (på engelsk): issue #162395.