Kommandoen fyller det gjeldande laget med den forgrunnsfargen som vert vis i fargeområdet i verktøykassa. Fargen vert også vist til venstre for menyoppføringa. Dersom enkelte område av biletet berre er delvis utvalde, t.d. som eit resultat av mjuke kantar, vert desse fylt delvis i høve til kor mykje dei er utvalde.
| ![[Notat]](images/note.png)  | Notat | 
|---|---|
| Dersom biletet ikkje har noko utval, vert heile laget fylt. |