Dette filteret vert brukt for å laga diffraksjons- eller bølgjeinterferensteksturar. (Diffraksjon er avbøyingar av lysstrålar). Du kan endra frekvens, konturar og skarpe kantar for kvar av RGB-kanalane. Du kan også setja lysstyrke, spreiing og polarisering av teksturen. Det er ingen automatisk førehandsvising, så du må trykkja knappen for førehandsvising for å oppdatera. På et tregt system kan dette ta litt tid. Merk at resultatet ikke avhenger av kva biletet som er der frå før.
Filteret kan vera nyttig når du ønskjer å laga intrikate mønster. Det er perfekt for å laga psykedeliske, batikkliknande mønster eller for å imitera mønster i glassmaleri t.d. i kyrkjevindauge.
Det ser ut til at filteret simulerer fenomenet som oppstår når lys vert brote ved å treffa, eller passera, ein skarp kant. Diverre er dette filteret så dårleg dokumentert av utviklarane at det er uråd å gje nærare forklaringar på dei ulike innstillingane. Du må rett og slett prøva deg fram. Heldigvis er filteret så allsidig at omtrent uansett kva innstillingar du brukar vert resultatet interessant.
![]() |
Notat |
---|---|
Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar». |