I motsetnad til andre filter, påverkar dette filteret ikkje alle pikslane. Bare dei nærliggande pikslane som avvik frå den målte pikselen med ein deltaverdi mindre enn den som er sett i dialogvindauget vert påverka. Dermed vert for eksempel kontrastar bevart. Filteret vert mest brukt for å sløre bakgrunnen for å framheva forgrunnen. Dette kan med ein enkelt operasjon gi ei kjensle av djupn i biletet.
Notat | |
---|---|
Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar». |
Viss det er eit anna bilete på skjermen, kan du bruka dette som tilleggsinngang.
Her bestemmer du kor mykje biletet skal slørast, i pikslar.
Maksimal delta set den største skilnaden (0,0 - 1,0) mellom pikselen som skal slørast og dei omliggjande pikslane. Er skilnaden i verdiane større enn deltaverdien, vert det inga sløring.