5.7. Mosaikk

5.7.1. Oversyn

Figur 17.67. Eksempel på bruk av filteret «mosaikk»

Eksempel på bruk av filteret «mosaikk»

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret «mosaikk»

Filteret «mosaikk» brukt


Dette filteret deler det gjeldande laget eller utvalet opp i kvadrat eller mangekantar som vert heva lite grann og vert skilde med fuger for å imitera mosaikk.

5.7.2. Slik slår du på filteret

Du har tilgang til dette filteret frå hovudmenyen via FilterForvrengingarMosaikk ….

5.7.3. Innstillingar

Figur 17.68. Innstillingane for filteret «Mosaikk»

Innstillingane for filteret «Mosaikk»

Forval, «Inngangstype», Klipping, Blandeinnstillingar, Førehandsvising, Flett samman filter, Delt vising
[Notat] Notat

Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar».

Flisgeometri

Desse vala skulle vere sjølvforklarande:

Ruter

Ikkje nøyaktige kvadrat, men i alle fall firkanta

Heksagon

6 kantar (heksa = 6)

Oktagon

8 kantar (octa = 8)

Triangel

3 kantar (tri = 3)

Flisstorleik ("Tile size")

Gjennomsnitleg diameter for kvar flis. Du kan bruka glidebrytaren eller innskrivingsboksen for å setja storleiken på overflata (2 - 1000).

Flishøgde ("Tile height")

Det er avsats, relieff av fliser. Verdien er breidda på den lyse ramma i pikslar.

Flisordning ("Tile neatness")

Når sett til 1 vil dei fleste flisene ha same storleik. Med verdien 0 vil flisene få tilfeldig storleik og ofte også noko tilfeldig utsjånad.

Fargevariasjon ("Tile color variation")

Kvar flis har berre éin farge. Dermed vert også talet på fargar i biletet redusert. Her kan du auka fargemengda i biletet lite grann.

Fargegjennomsnitt ("Color averaging")

Dersom det ikkje er merkt av for dette valet, vil biletet vera synleg på flisene. Er denne merkt, vert kvar flis einsfarga med gjennomsnittsfargen.

Ru flisoverflate ("Rough tile Surface")

Med dette valet ser overflata holete ut.

Tillat deling av fliser ("Allow splitting tiles")

Gjer at flisene vert delte i fleirfarga område for å gje betre fargeovergangar i bilete med mange detaljar.

Flisavstand ("Tile spacing")

Dette er fugebreidda mellom flisene.

Fugefarge og Flisfarge ("Joints color / Light color")

Flisene vert belyste med forgrunnsfargen i verktøykassa, medan skuggane får farge frå bakgrunnen. Fugene har bakgrunnsfargen. Du kan endra desse fargane ved å bruka fargeknappane eller fargeplukkaren til høgre.

Lysretning ("Light direction")

I utgangspunktet er lyset sett til å koma frå øvre, venstre hjørne (135°). Dette kan du forandra etter behov frå 0 til 360.

Kantutjamning ("Antialiasing")

Dette valet glattar ut kantane på flisene.

Tilfeldig frø, Nytt frø

Dette alternativet kontrollerer kor tilfeldig filteret skal vera. Du kan bruka feltet Tilfeldig frø for å leggja inn eit frø manuelt for slumpalgoritmen som vert brukt. Du kan også generera eit tilfeldig frø ved å trykkja på knappen Nytt frø. Viss det same tilfeldige frøet vert brukt i same situasjon, gjev filteret nøyaktig dei same resultata. Eit anna tilfeldig frø gjev andre resultat.