6.15. Gjengjevingsform for utskriftssimulering

Med Fargetilpassing for utskriftssimulering kan du tilpassa fargetilpassinga for utskriftsprofilen. Du finn meir om dette i Fargetilpassing .

Som oftast vil relativ kolorimetrisk gje det beste resultatet. Dersom du brukar ein annan skjermprofil enn LUT, (dei fleste profilane er matriser) vert perseptuell i praksis relativ kolorimetrisk.

For å få ein ide om korleis biletet vil sjå ut med utskriftsprofilen slår du på VisFargestyringFargar for utskriftssimulering.

6.15.1. Slik slår du på undermenyen

Du har tilgang til denne undermenyen frå hovudmenyen via BileteFargestyringFargetilpassing for utskriftssimulering. Her vel du ønskt innstilling.