7.42. Legg til alfa i utvalet

Kommandoen Legg til alfa i utvalet opprettar eit utval frå den kombinerte alfakanalen for alle dei valde laga og legg han til det gjeldande utvalet.

Ugjennomsiktige område er fullt ut valde, gjennomsiktige område er ikkje valde og delvis gjennomsiktige område er delvis valde. Alfakanalen for dei valde laga er ikkje endra.

7.42.1. Slå på kommandoen

Du har tilgang til denne oppføringa i hovudmenyen via LagGjennomsiktLegg til alfa i utvalet.

7.42.2. Eksempel

Figur 16.103. Bruk av «Legg alfa til utvalet»

Bruk av «Legg alfa til utvalet»

Originalbiletet.

Bruk av «Legg alfa til utvalet»

Laga i det opphavlege biletet.

Bruk av «Legg alfa til utvalet»

Resultat: Ugjennomsiktige pikslar i det gjeldande laga er lagt til det rektangulære utvalet.