3.19. Strek opp banane

Kommandoen Strek opp bane … teiknar ein strek langs ein bane i biletet. Du kan anten teikna denne streken direkte, eller du kan velja å gjera dette med eit av teikneverktøya. I tillegg kan du velja mellom fleire utsjånadar for streken.

[Notat] Notat

Denne kommandoen er berre slått på når det er ein bane i biletet.

3.19.1. Slå på kommandoen

  • Du har tilgang til denne kommandoen frå hovudmenyen gjennom RedigerStrek opp banar ….

  • Du kan også slå på kommandoen ved å trykkja på knappen med det same namnet i banedialogvindauget.

3.19.2. Beskriving av dialogvindauget

Figur 16.15. Dialogvindauget «Vel strokstil»

Dialogvindauget «Vel strokstil»

Dialogvindauget Vel strokstil gjev deg høve til å velja mellom å streka opp banen med dei innstillingane du spesifiserer for linjeeller å streka han opp med eitt av teikneverktøya. Dersom du vel eit teikneverktøy, vert innstillingane for dette brukt.

Linje

Forgrunnsfarge, Bakgrunnsfarge, Mønsterelement

Vel om streken skal teiknast med gjeldande forgrunnsfarge eller bakgrunnsfarge eller mønster sett i verktøykassen. Dette er ulikt strek-mønsteret. Viss du vel eitt av dei to fargealternativa utan strekmønster, vert det teikna ein heiltrukke strek med farge frå verktøykassen. Viss du vel ei linje med eit strekmønster, vert fargen eller mønsteret bestemt av fargen eller mønsteret sett i verktøykassen. Det vil seia at viss du har eit marmorert mønster sett i verktøykassen og vel Mønster og stipla linjer som strekmønster, vert strekane teikna i det marmorerte mønsteret.

Kantutjamning

Kurva strekar og strekar som vert teikna på skrå, vert lett nokså taggete. Kantutjamninga glattar ut streken.

Strekbreidd

Her kan du bestemma kor brei streken skal vere. Normalt vert denne oppgjeve i pikslar, men du kan også velja andre måleeiningar i rullefeltet.

Endestil

Her bestemmer du korleis avslutninga på opne banar skal sjå ut. Du kan velja mellom Butt, Rund og Kvadrat.

Koplingsstil

Her bestemmer du korleis hjørna skal sjå ut. Du kan velja mellom Skarp, Rund eller Skrå.

Gjæringsgrense

Når to segment av ein bane vert «gjæra» saman, vert overlappinga bestemt av gjæringsgrensa. Med breie strekar utan fuging, vert samankoplinga skjemd av endar som stikk ut. Fugegrensa bestemmer korleis det opne gapet i samankoplinga skal fyllast ut. Du kan setja verdien mellom 0,0 og 100,0 ved hjelp av glidebrytaren eller ved å skriva i tekstboksen eler bruka pilene der.

Figur 16.16. Eksempel på gjæringsutfylling

Eksempel på gjæringsutfylling

Venstre bilete: Grense = 0. Høgre bilete: Grense = 5.


Strekmønster

Strekmønsteret vert vist på pikselnivå som ein serie med små boksar. Du kan endra mønsteret for desse boksane. Det svarte området med loddrette strekar svarar til ein piksel i streken. Klikkar du på ein svart piksel, vert han fjerna frå streken. Klikkar du på ein kvit piksel, vert han lagt til streken. Det grå området indikerer korleis mønsteret vert gjenteke når det vert teikna ei strekelinje.

Forvalde strekar

I staden for å laga dine eigne strekmønster, kan du velja eitt i nedtrekkslista Mønsteret vert vist i området Strekmønster for å gje deg ein ide om korleis det ser ut.

Teikneverktøy

Teikneverktøy

Her kan du i nedtrekkslista velja kva teikneverktøy du vil bruka. Dei gjeldande innstillingane vert brukt for å teikna stroket.

Etterliknar penseldynamikk

Sjå penseldynamikk.