3.11. MyPaint-pensel

MyPaint er eit gratisprogram som har svært mange penslar. Libmypaint vart endra i 2016 slik at det kan brukast av andre program. GIMP har teke desse penslane i bruk.

Du kan finna mange samlingar av MyPaint-penslar på Internett i komprimert form, ofte i ei zip-fil. Dekomprimer fila til ei mellombels mappe.

3.11.1. Slik installerer du MyPaint-penslar

Gå først til BrukarinnstillingarMapperMyPaint-penslar. Der vil du finna stien til den personlege MyPaint-mappa.

  • I Linux: /home/BrukarnamnetDitt/.mypaint/brushes. Legg merkje til at det er ei gøymd mappe.

    Opna filutforskaren. Merk av for «Vis gøymde mapper». Gå til den private MyPaint-mappa. Viss ho ikkje finst, må du oppretta ho med penselmappa inne i ho.

    Kopier og lim inn alle dekomprimerte filene frå den mellombels mappa til home/Brukarnamnet/.mypaint/brushes.

  • I Windows 10: C:\Brukarar\brukarnamnetDitt\.mypaint\brushes. Klikk på dette elementet for å merkja det og trykk på ikonet for å opna ein filutforskar. Lag ei ny mappe i rota til heim-mappa med namnet «mypaint». Stien til denne mappa vert C:\Brukere\Brukarnamnet ditt\mypaint.

    Kopier og lim inn alle dekomprimerte filene frå den mellombels mappa til C:\Brukere\brukarnamnet ditt\mypaint.

Ta i bruk verktøyet som nedanfor: Du skal no ha eit ikon for MyPaint-penslar i verktøyvala. Trykk på dette for å visa alle MyPaint-penslane.

3.11.2. Å slå på verktøyet

Det er fleire måtar å slå på verktøyet på:

  • Frå hovudmenyen via VerktøyTeikneverktøyaMyPaint-penslar.

  • Ved å klikka på verktøysymbolet i verktøykassen.

  • Ved å trykkja tasten Y.

3.11.3. Innstillingar

Figur 14.66. Innstillingane for «MyPaint-penslane»

Innstillingane for «MyPaint-penslane»

Du får tilgang til verktøyinnstillingane ved å dobbeltklikka på verktøyikonet i verktøykassen:

Kva innstillingar du ser, er avheng av kva MyPaint-pensel du har vald.

Dekkevne

For å setja dekkevna for penselen (0 - 100). Dekkevna er avhengig av ein base, sjå nedanfor.

Mjukare strok

Viss dette alternativer er merkt av, vert stroka mjukare. Du har to alternativ:

  • Kvalitet: Kor djup utglattinga skal vera.

  • Vekt: Tyngda på pennen.

Pensel

Ikonet for den gjeldande penselen vert vist. Viss du klikkar på det, kjem det opp ei liste over MyPaint-penslar slik st du eventuelt kan velja ein annan pensel

Figur 14.67. Ei samling av MyPaint-penslar

Ei samling av MyPaint-penslar

Nedst i dialogvindauget er det ei linje med knappar for å visa ikona større eller mindre og om dei skal visast som liste eller rutenett. Knappen heilt til høgre opnar dialogvindauget for MyPaint-penslane.

Viska ut med penselen

Viss det er merkt av for dette alternativet, vil penselen operera som viskeler. Som for viskeleret, vert utviska område gjennomsiktige viss laget har ein alfakanal, og får bakgrunnsfargen viss alfakanalen manglar.

Radius

Å setja radius for penselen.

Basisdekkevne

Desse verdiane (0,00 - 2.00) er multipliseringskonstantar: Set du for eksempel dette valet til 0,50, vert den høgaste dekkevna 100 · 0,50 = 50, sjølv om det framleis er 100,0 i dekkevnevalet.

Tabell 14.3. Eksempel på basisdekkevne

Basisdekkevne

Dekkevne
100 50 25
1,00

= 100

= 50

= 25

0,50

= 50

= 25

= 12,5

2,00

= 100

= 100

= 50


Basisgjennomsikta kan vera høgare enn 1,00 opp til 2,00. Sjølvsagt kan gjennomsikta ikkje overstiga 100. I eksempelet kan du sjå at ei dekkevne over 50(100 · 2,00 = 200) eigentleg er ei dekkevne på 100 og 25 · 200 = 50 er det same som 50 · 1,00 = 50. Dete er kanskje nyttig når MyPaint-penselen har ei standard dekkeven på mindre enn 100.

Hardleik

Dess hardare pensel dess skarpare strekar. Når du gjer penselen mindre hard, kan det henda at MyPaint-penselen ikkje verkar når breidda er for lita.

Figur 14.68. Eksempel på hardleik

Eksempel på hardleik

1,00

Eksempel på hardleik

0,90

Eksempel på hardleik

0,80

Eksempel på hardleik

0,70


Utvid laga
Du finn ei beskriving av innstillingar som gjeld mange eller alle teikneverktøya under felles innstillingar for teikneverktøya.