5. Korleis teikna rette linjer

Denne innføringa er basert på tekst og bilete av Copyright © 2002 Seth Burgess. Du kan finna originalen på Internett [TUT01].

5.1. Føremål

Denne innføringa viser korleis du kan teikna rette linjer med GIMP. Metoden som er vist her er uavhengig av kor nøyaktig teiknebrettet eller musa arbeider, men brukar i staden den reknekrafta som datamaskinen er utstyrt med for å laga figurar som ser både fine ut og samstundes er ordentlege. Innføringa brukar ikkje rette linjer for kompliserte oppgåver, men ein rask og enkel måte for å teikna rette linjer.

  1. Laga eit nytt bilete

    Først, lag eit nytt bilete. Kva storleik som helst. Bruk FilNy(tt) … for å laga biletet.

  2. Vel eit verktøy

    Figur 3.34. Teikneverktøya i verktøykassen

    Teikneverktøya i verktøykassen

    Vel eit teikneverktøy frå Verktøy, for eksempel Blyant eller Målarpensel.

  3. Sett av eit startpunkt

    Figur 3.35. Startpunkt

    Startpunkt

    Klikk på biletet der du vil at linja skal byrja eller slutta. Det kjem då fram ein enkel prikk på skjermen. Storleiken på prikken vert bestemt av penselstorleiken som er brukt. Denne storleiken kan du endra i dialogvindauget for penselen (sjå Del 3.2, «Dialogvindauget for penslar»). No held du nede Shift-tasten.

  4. Teikna linja

    Figur 3.36. Teikna linja

    Teikna linja

    Etter at du har markert startpunktet, og framleis held nede Shift-tasten, kan du sjå ei rett linje som følgjer markøren. Trykk og slepp museknappen (som oftast den venstre). Heile tida medan du brukar museknappen må du også halda nede Shift-tasten.

  5. Det endelege resultatet

    Figur 3.37. Det endelege resultatet

    Det endelege resultatet

    Du kan teikna rette linjer med alle teikneverktøya. Det siste steget er å sleppa Shift-tasten. Me er ferdige. Det vert viste nokre eksempel i det neste avsnittet.