Innhald
Meininga med dette kapitlet er å gje deg ei rask innføring i grunnlaget for GIMP og den terminologien du treng for at resten av dokumentasjonen skal vera forståeleg for deg. Alt som vert omtalt her, kan du finna nærare omtalt andre stader i handboka. Med nokre få unnatak, har vi vald å ikkje søle til dette kapitlet med mengdevis av hyperlenkjer. Det er likevel nokså lett å finna det du måtte ha behov for ved hjelp av innhaldslista.
Alt i GIMP dreier seg om bilete. Eit bilete vil alltid samsvara med ei bestemt fil, for eksempel ei TIFF- eller JPEG-fil. Du kan også sjå på eit bilete som direkte tilhøyrande eit bestemt visingsvindauge, men dette er ikkje heilt rett fordi det er mogleg å ha same biletet i fleire vindauge. Det er derimot ikkje mogleg å vise fleire bilete i same vindauget eller at eit bilete ikkje har noko vindauge i det heile.
Eit GIMP-bilete kan vera nokså komplisert. I staden for å samanlikna med eit bilete på eit papirark, er det kanskje betre å førestilla deg GIMP-biletet som ei bunke med meir eller mindre gjennomsiktige ark. Desse arka vert i GIMP og andre liknande program kalla «lag». I tillegg til desse laga kan eit GIMP-biletet også innehalde utvalsmasker, kanalar og banar. Når GIMP i tillegg til alt dette også har ein mekanisme for å leggja til «vilkårlege» data i biletet, såkalla «parasittar», er kanskje forvirringa total. Fortvil ikkje, det er faktisk enklare i praksis enn det høyres ut til.
I GIMP er det råd å ha mange bilete opne samstundes. Er dei store, kan dette leggja beslag på ei uhorveleg mengde med minne i datamaskinen. Dette ordnar GIMP med eit sofistikert system for minnehandsaming som gjer det mogleg å arbeida nokolunde smertefritt til og med med store bilete. Sjølvsagt er det grenser også her, så skal du arbeida med svært store bilete, løner det seg å ha så mykje RAM (arbeidsminne) som det er råd å skaffa seg.
Viss eit enkelt bilete kan samanliknast med eit enkelt ark, kan eit bilete med lag samanliknast med ei bunke med gjennomsiktige papir stabla oppå kvarandre. Du kan teikna på kvart papir, men framleis sjå innhaldet i dei andre arka gjennom dei gjennomsiktige områda. Du kan også flytta eitt ark i høve til dei andre arka. Sofistikerte GIMP-brukarar arbeidar ofte på bilete med mange lag, til og med titals ark. Lag treng ikkje vera ugjennomsiktige og dei treng heller ikkje dekka heile biletet, så når du ser på visinga av eit bilete, kan du sjå meir enn berre det øvste laget: du kan sjå element av mange lag. For meir informasjon, sjå Innleiing til lag.
Digitale bilete er sette saman av eit nett med kvadratiske pikslar. Kvart bilete har ein storleik målt i to dimensjonar, for eksempel 900 pikslar breit og 600 pikslar høgt. Desse pikslane har ikkje ein fast fysisk storleik. For å setja opp eit bilete for utskriving, brukar vi difor ein verdi kalla oppløysing, definert som forholdet mellom biletstorleiken i pikslar og den fysiske storleiken (ofte i tommar eller centimeter) det skal skrivast ut som. Dei fleste filformata, men ikkje alle, kan lagra denne verdien, ofte uttrykt som ppi– (pixels per inch).
Når ei fil vert skrive ut, vert storleiken på utskrifta bestemt av oppløysinga og også av den fysiske storleiken på pikslane. Det same biletet på 900 × 600 pikslar kan skrivast ut som eit lite kort på 60 × 40 mm utan synlege pikslar, eller som ein stor plakat med store, tykke pikslar.
Bilete importerte frå kamera og mobile einingar har ein tendens til å ha ei oppløysing knytt til fila. Oppløysinga er til vanleg 72 eller 96 ppi. Denne oppløysinga er vilkårleg og sett ut frå historiske grunnar. Du kan alltid endra oppløysninga med GIMP ‒ dette har ingen effekt på dei faktiske biletpikslane. Skal bileta brukast på nettet, på mobile einingar, TV-spel, videospel eller kort sagt alt som ikkje er trykt, er oppløysinga meiningslaus og vet ignorert. I staden vert bileta viste slik at kvar biletpiksel samsvarar med éin skjermpiksel.
Ein kanal er ein enkeltkomponent av ein pikselfarge. For ein farga piksel i GIMP er denne komponenten oftast raud, grøn eller blå, av og til med gjennomsikt (alfa) i tillegg. I eit gråskalabilete er komponentane grå og alfa, og for eit indeksert fargebilete er komponentane indeksering og alfa.
Heile den rektangulære oppstillinga for kvar av fargekomponentane for kvar einskild piksel i eit bilete vert gjerne kalla ein «kanal». Du kan sjå desse fargekanalane i kanaldialogvindauga.
Når eit bilete vert vist på skjermen eller vert skrive ut, vil GIMP setje saman desse komponentane slik at kvar piksel får sin bestemte farge. Nokre uteiningar brukar andre kanalar for raudt, grønt og blått. I slike tilfelle vert GIMP sine kanalar omforma til høvande kanalar for den aktuelle visinga.
Kanalane er særleg nyttige når du har behov for å forandra ein av fargane i biletet. Skal du for eksempel fjerne «raude auge», kan du arbeide direkte på raudkanalen.
Du kan sjå på kanalane som masker som styrer utsjånaden til den fargen kanalen gjeld for. Ved å bruka filter på kanalinformasjonen, kan du få fram mange varierte og subtile effektar. Eit godt eksempel på slik filtrering er kanalmiksaren.
I tillegg til desse kanalane kan du i GIMP også lage dine eigne kanalar, eller for å vera meir nøyaktig: dine eigne kanalmasker. Desse vert viste i den nedre delen av kanaldialogvindauget. Du kan opprette ein ny kanal eller lagra eit utval til kanal(maske). Sjå Masker for meir om dette.
Når du endrar eit bilete, vil du ofte berre at ein del av biletet skal verta påverka. «Utval»-mekanismen gjer dette mogleg. Kvart bilete har sitt eige utval, som du til vanleg ser som ei stipla linje som flyttar seg og som skil dei valde delane frå dei umerkte delane (dei såkalla «marsjerande maura»). Eigentleg er dette litt misvisande: utval i GIMP er graderte, ikkje alt-eller-ingenting, og eigentleg er utvalet representert av ein fullverdig gråtonekanal. Den stipla linja som du til vanleg ser, er ganske enkelt ei konturlinje som viser kvar 50 %-merktnivået er. Når som helst kan du visualisera utvalskanalen med alle sine glansfulle detaljar ved å slå han av eller på med snarmaske-knappen.
En stor del av kunsten å bruka GIMP effektivt er å tileigna seg å gjera gode utval – utval som inneheld nettopp det du treng og ikkje noko meir. Fordi handsaming av vala er så sentralt viktig, har GIMP mange verktøy for å gjera det: ei samling av utvalsverktøy, ein meny med valoperasjonar og høve til å byta til snarmaske-modus der du kan handsama utvalskanalen som om han var ein fargekanal og dermed «teikna i utvalet». For meir informasjon, sjå også Utvalet.
Når du gjer feil, kan du angra dei. Nesten alt du gjer med eit bilete kan angrast. Faktisk kan du til vanleg angra svært mange av dei siste operasjonane du gjorde. Dette er mogleg fordi GIMP registrerer alt du gjer med biletet i ein eigen angrelogg. Denne angreloggen brukar minne, så du kan ikkje angra i det uendelege. Nokre funksjonar brukar lite minne slik at du kan gjera mange endringar før dei første vert sletta, medan andre brukar opp det som måtte finnast av ledig minne før du eigentleg har fått sukk for deg.
Du kan setja opp kor mykje minne GIMP kan bruka for angreloggen for kvart bilete, men du bør i alle fall kunna angra i det minste dei 2-3 siste handlingane, Den viktigaste handlinga du ikkje kan angra er å lukka eit bilete. Difor spør GIMP alltid om du verkeleg vil lukka vindauget viss du har gjort endringar i biletet utan å lagra det. Du finn meir om dette i Angra.
Mykje av det du gjer med eit bilete vert eigentleg gjort av GIMP. I tillegg brukar GIMP også mange «programtillegg» (såkalla «plug-ins»), som er eksterne programmer som arbeidar veldig tett med GIMP og som er i stand til å manipulere bilete og andre GIMP-objekt på svært sofistikerte måtar. Mange viktige programtillegg vert leverte saman med GIMP, men det er også mange tilgjengelege på andre måtar. Faktisk er det å skriva programtillegg (og skript) den enklaste måten for folk som ikkje er med i GIMP-utviklingsteamet å leggja til nye funksjonar til GIMP.
Alle kommandoane i filtermenyen, og mange andre kommandoar i andre menyar, er eigentleg programtillegg. Difor kan du av og til oppleva å få ei blanding av norsk og engelsk i menyane. Ikkje alle programtillegga er omsette eller kan omsetjast til norsk, men dette rettar seg nok med tida.
I tillegg til programtillegga kan GIMP også bruka skript. Skript er skrive på eit språk kalla Script-Fu, som er unikt for GIMP (for dei som er interesserte, er det ein dialekt av det Lisp-liknande språket kalla Scheme). Tidlegare var det eit klart skilje mellom skript og programtillegg, men det er i ferd med å forsvinna. Avhengig av kva for Script-Fu-tolk du brukar, kan Scheme-skript også installerast som programtillegg.