3.6. Utvid skriptet Text Box

3.6.1. Korrekt handsaming av «Angre»

When creating a script, you want to give your users the ability to undo their actions, should they make a mistake. This is easily accomplished by calling the functions gimp-image-undo-group-start and gimp-image-undo-group-end around the code that manipulates the image. You can think of them as matched statements that let GIMP know when to start and stop recording manipulations on the image, so that those manipulations can later be undone.

Dersom skriptet ditt opnar eit nytt vindauge, er desse funksjonane unødvendige sidan du ikkje har behov for å endra i eit ferdig bilete. Derimot kan det vere svært så nødvendig dersom skriptet arbeider på eit eksisterande bilete.

Bruker du dei nemnde funksjonane, vil angrefunksjonen stort sett arbeida feilfritt.

3.6.2. Enda ei skriptutviding

Skriptet er no nokså brukbart, men me ønskjer å leggja inn to nye og nyttige eigenskapar likevel:

  • Slik skriptet er no, vert biletet akkurat stort nok til å ta inn teksten. Det er ikkje plass til andre ting, som t.d. skuggelegging eller andre spesialeffektar. (Rett nok vil mange skript ordna opp i dette sjølv dersom du bruker dei, men ikkje alle). Difor er det ønskjeleg med litt luft kring teksten. Brukaren kan sjølv bestemma storleiken på dette rommet i prosent av tekststorleiken.

  • Sidan dette skriptet lett kan utvidast til bruk også i andre skript, vil me utvida det litt slik at det returnerar biletet og laga. Dermed kan andre program kalla opp dette skriptet og nytta seg av biletet og laga dette kreerer.

3.6.3. Å endre parametrane og registreringsfunksjonen

For at brukaren skal få høve til å spesifisera storleiken på bufferen, må me leggja til ein parameter i programmet, og dermed også i registreringsfunksjonen. (Hugs at det er vanleg skikk å laga programma på engelsk, også merknadane. Omsetjaren brukar likevel ofte norsk for lettare å skilja kva som høyrer til programmet og kva so er eigendefinert. Så norsk kan vera nyttig):

  (define (script-fu-text-box inTest inFont inFontSize inTextColor inBufferAmount)
  (let*
        (
           ; definer lokale variablar
           ; lag eit nytt bilete:
           (theImageWidth  10)
           (theImageHeight 10)
           (theImage (car
                          (gimp-image-new
                           theImageWidth
                           theImageHeight
                           RGB
                          )
                     )
           )
           (theText)          ;ei deklarering av teksten
                              ;Dette gjer vi seinare

           (theBuffer)        ;lagt til

           (theLayer
                     (car
                         (gimp-layer-new
                          theImage
                           "lag 1"
                          theImageWidth
                          theImageHeight
                          RGB-IMAGE
                          100
                          LAYER-MODE-NORMAL
                         )
                     )
           )
        ) ;slutt på lokale variablar

   [Kode her]
 )
            
  (script-fu-register
    "script-fu-text-box"                        ;function name
    "Text Box"                                  ;menu label
    "Creates a simple text box, sized to fit\
      around the user's choice of text,\
      font, font size, and color."              ;description
    "Michael Terry"                             ;author
    "copyright 1997, Michael Terry;\
      2009, the GIMP Documentation Team"        ;copyright notice
    "October 27, 1997"                          ;date created
    ""                                      ;image type that the script works on
    SF-STRING      "Text"          "Text Box"   ;a string variable
    SF-FONT        "Font"          "Charter"    ;a font variable
    SF-ADJUSTMENT  "Font size"     '(50 1 1000 1 10 0 1)
                                                ;a spin-button
    SF-COLOR       "Color"         '(0 0 0)     ;color variable
    SF-ADJUSTMENT  "Buffer amount" '(35 0 100 1 10 1 0)
                                                ;a slider
  )
  (script-fu-menu-register "script-fu-text-box" "<Image>/Filters/Tutorial")
      

3.6.4. Tilføy den nye koden

Det må leggjast inn ny kode på to stader: Like før me sett storleiken på biletet på nytt, og heilt til slutt i programmet. Dette siste for at programmet skal returnera det nye biletet, laget og teksten. Hugs at Scheme alltid returnerar berre resultatet av den siste funksjonen.

Når høgda og breidda på teksten er fastsett, må desse verdiane endrast i høve til buffermengda spesifisert av brukaren. Det er ikkje lagt inn kontroll på om innskrivinga held seg i området 0 - 100% fordi dette ikkje er livsviktig for programmet, og fordi det finst ingen rimeleg grunn til å hindra brukaren i å velja 200 som prosentsats.

        (set! theBuffer (* theImageHeight (/ inBufferAmount 100) ) )

        (set! theImageHeight (+ theImageHeight theBuffer theBuffer) )
        (set! theImageWidth  (+ theImageWidth  theBuffer theBuffer) )
      

Det som skjer her er at verdiane for margen rundt teksten (theBuffer) vert rekna ut i første linja. I dei to neste linjene vert verdiane for sidekantane i bilete rekna ut. (Grunnen til at verdien for theBuffer må leggast til to goner, er at det skal vere marg rundt alle sidene).

Etter linja som bestemmer storleiken på biletet, set du inn ei linje som sentrerer teksten. Dette vert gjort med ein innebygd funksjon, og ser slik ut:

        (gimp-layer-set-offsets theText theBuffer theBuffer)
      

No er det på tide å prøva skriptet etter at du har starta GIMP på nytt.

No står det berre igjen å returnera biletet, laget og tekstlaget. Etter å ha vist biletet, set me inn denne linja:

(list theImage theLayer theText)

Dette er den siste linja i funksjonen. Det er denne linja som gjer at skriptet også kan brukast frå andre skript.

Du kan testa det ut ved å laga eit nytt skript som inneheld noko i denne duren:

        (set! theResult (script-fu-text-box
                         "Noko tekst"
                         "Charter" "30"
                         '(0 0 0)
                         "35"
                        )
        )
        (gimp-image-flatten (car theResult))
      

Gratulerer. Du er no på god veg mot svart belte i Script-Fu!