5.10. Flytt til skjermen

Undermenyen Flytt til skjermen gjer det mogleg å visa GIMP på ein annan skjerm knytt til datamaskinen.

5.10.1. Slik slår du på undermenyen

  • Du har tilgang til denne undermenyen frå hovudmenyen via VisFlytt til skjerm.

5.10.2. Innhaldet i undermenyen «Flytt til skjermen»

Opna skjermen …

Dette er ein eksperimentell funksjon for å visa ein annan skjerm.

Tilgjengeleg(e) skjerm(ar)

Namnet i menyoppføringa er avhengig av programvaren som styrer skjermen i datamaskinen (for eksempel Screen wayland-0 på eit Linux-system som køyrer Wayland).

Viss det vert vist meir enn éin skjerm, kan du velja kva skjerm GIMP skal visast på.