Kommandoen Vis linjalar gjer linjalane tilgjengelege eller utilgjengelege i biletvindauget. Det kan vere fornuftig å gjere linjalane usynlege når du arbeider i fullskjerm.
Du kan setja standard for linjalane i Innstillingar for biletvindauget.
Du har tilgang til dette menyvalet frå hovudmenyen via Vis → Vis linjalar,
eller med snarvegen Shift + Ctrl + R.