Viss dette alternativet er slått på, vil verktøy festa seg til ekvidistansen mellom tre avgrensingsboksar. Dette vert brukt når du har tre lag og vil ha same avstand mellom kvart lag. Flytt det tredje laget til omtrent samme posisjon som dei to andre laga. Viss det er nær nok, vil det festa seg til rett plassering og visa mengda pikslar som er mellom i begge endane. Dette er nyttig for nøyaktig plassering av bildeelement.