5.19. Fest til hjelpelinjer

Denne kommandoen koplar funksjonen Fest til hjelpelinjer på eller av. Når funksjonen er slått på, vert hjelpelinjene gjort «magnetiske». Dette betyr at dersom du flytter eit utval (eller eit lag) og slepp dette, veret utvalet «soge inn» til næraste hjelpelinje og sett fast der. Dette kan du nytta deg av for nøyaktig plassering av biletelement langs ei hjelpelinje. (Sjå eventuelt Vis hjelpelinjer).

5.19.1. Slå på kommandoen

  • Du har tilgang til dette menyvalet frå hovudmenyen via VisFest til hjelpelinjer.