Kommandoen fyller det gjeldande laget med det gjeldande mønsterelementet (som vert vist i området Pensel/Mønsterelement/Fargeovergang i verktøykassa. Mønsteret vert også vist til venstre for menyoppføringa. Dersom enkelte område av biletet berre er delvis utvalde, t.d. som eit resultat av mjuke kantar, vert desse fylt delvis i høve til kor mykje dei er utvalde.
Du kan velja andre mønsterelement ved å opna mønsterdialogvindauget.
               
             | 
            Notat | 
|---|---|
| 
               Dersom biletet ikkje har noko utval, vert heile laget fylt.  |