Menyvalet
lukker det gjeldande biletvindauget. Kommandoen er ikkje tilgjengeleg dersom det ikkje er noko ope bilete.Du kan ikkje angra at du har lukka eit bilete. Alt er borte, også angreloggen. Viss biletet ikkje er «reint» ‒ altså et det er endra sidan det sist vart lagra ‒ vert du spurd om å stadfesta at du vil lukka det.
![]() |
Notat |
---|---|
Eit bilete vert berre merkja som reint når det er lagra som ei XCF-fil. Vert biletet eksportert til eit anna filformat, vert eit endra bilete ikkje merkt som reint. Dette fordi dette ikkje tek vare på all informasjonen i biletet. |
Du har tilgang til denne oppføringa på hovudmenyen via
→ ,eller med snarvegen Ctrl+W.
I enkeltvindaugemodus kan du også gjera dette ved å trykkja på knappen «Lukk» på biletlinja. I multivindaugemodus trykkjer du på knappen «Lukk» i biletvindauget.
Viss vindauget inneheld endringar som ikkje er lagra, vert du spurd om du vil lukka og kanskje missa endringane, eller om å gå tilbake til GIMP for å lagra biletet.