Denne kommandoen opnar dialogvindauget «Opprett bilete frå ei nettside» der du kan skriva inn nettadressa til sida i alle formata GIMP har støtte for.
Dei vanlegaste måtane å opne bilete på er:
for å opna biletet frå eit lokalt lagringsmedium
Du kan sløyfe «file://» om du vil og berre skriva inn filnamnet med full, relativ eller absolutt sti.
Kva for mappe som er førevald for relative adresser, er avhengig av operativsystemet. I Linux er det til vanleg /home/<username>/, i Windows  C:\Documents and Settings\<brukarnamn>\My Documents\My Images\  og /Users/<brukarnamn>/ på Mac OS X.
for å opna eit bilete frå ein ftp-tenar
for å laste ned biletet frå ei nettside
                       
                     | 
                    Tips | 
|---|---|
| 
                       Når du er inne på ei nettside, kan du høgreklikka på eit bilete og velja «Kopier bildeadressa» på sprettoppmenyen som kjem opp. Klikk deretter på «Opna ei adresse» i hovudmenyen for GIMP og lim adressa inn i menyen «Opna adresse». Sjølv om denne måten gjer det lett å grabbe biletet frå nettsider: Respekter reglane for opphavsrett! Ikkje alle bilete er til fritt bruk, endå om dei er publiserte på Internett.  |