Kommandoen lastar inn biletet på nytt frå harddisken. Dermed vert biletet tilbakestilt til slik det var siste gongen du lagra det. Dvs. dersom fila i mellomtida ikkje er forandra eller fjerna av andre enn GIMP.
               
             | 
            Åtvaring | 
|---|---|
| 
               Når GIMP tilbakestiller eit bilete vert det eksisterande biletet lukka og eit nytt bilete opna. Difor kan du ikkje angre denne handlinga. Også angreloggen vert borte. GIMP prøver å få deg til å tenke deg om ved å spøre om du verkeleg vil tilbakestilla biletet.  |