Figur 16.123. Verknaden av filteret «Fargetemperatur»
              Det opphavlege bilete med ein fargetemperatur stipulert til 5.000K
              Endra bilete med fargetemperaturen sett til 6.500K
Filteret for fargetemperatur vert brukt for å justera fargetemperaturen for ei lyskjelde i Kelvingrader. Det kan brukast for å korrigera blåstikk i bilete, men også (i nokre tilfelle) for å korrigera raudstikk i bilete teke i lampelys med kameraet sett til dagslys.
Du kan også bruka det til å laga interessante kreative effektar.
                 
               | 
              Notat | 
|---|---|
| 
                 Denne kommandoen verkar ikkje på bilete i gråtoner. Dersom biletet er i gråtoner er kommandoen kopla ut.  | 
            
«Forval» er ein felles eigenskap for fleire fargekommandoar. Du finn nærare forklaring i Del 8.1.2, «Felles eigenskapar for fargar».
Dette er den estimerte fargetemperaturen i Kelvingrader i det opphavlege biletet. Du kan endra denne fordi det er ikkje sikkert at denne informasjonen er korrekt (anten du har målt han eller ei). I tillegg er det ofte brukt mange lyskjelder i eit bilete, som eit vindauge eller ein utfyllingsblits. Du kan likevel ofte få interessante effektar ved å endra fargetemperaturen.
Dette er den ønskte temperaturen i Kelvingrader.
Dette er felles eigenskapar forklarte i Del 8.1.2, «Felles eigenskapar for fargar».
                 
               | 
              Tips | 
|---|---|
| 
                 Både den opphavlege og den ønskte temperaturen kan setjast frå forvala. Trykk på knappen 
            |