Figur 17.40. Eksempel på bruk av filteret «Fjern raude auge»
              Det opphavlege biletet
              Filteret «Fjern raude auge» brukt
Som du forstår, er føremålet med dette filteret å fjerna dei raude augerefleksane som kan oppstå i auge når du fotograferer med blitz. Før du brukar «Fjern raude auge» må du laga eit utval (lassoen eller elliptisk) rundt iris(ane) som har raud pupill. Dersom du gløymer å gjere utvalet, vil filteret minne deg om at «Du kan som oftast forbetra resultatet ved å markera augeområdet manuelt på førehand».
                       
                     | 
                    Notat | 
|---|---|
| 
                       Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar».  | 
                  
Viss du flyttar markøren for terskelen, vil mengda av raudt som skal eliminerast variera.