Vasspikslar er eit filter basert på superpikslar og vassskiljetransformasjonen. Desse algoritmane vert brukte til å dela bilete i område med liknande fargeverdiar.
                 
               | 
              Notat | 
|---|---|
| 
                 Dette filteret kan vera sakte på store bilete.  | 
            
                       
                     | 
                    Notat | 
|---|---|
| 
                       Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar».  | 
                  
Storleiken på området som verdien skal hentast frå. Store verdiar gjer at du får mindre fargeområde.
Jamnheita til fargeovergangen som vert brukt i utrekningane. Høgare verdi gjev mindre uregelmessige kantar.
Spesifiserer kor regelmessige områda skal vera. Låge verdiar er uregelmessige. Dess høgare verdi, dess meir byrjar områda å sjå ut som kvadrat.
Dette vel korleis du vel farge for kvart område. Til vanleg vert det brukt Gjennomsnitt, som tek gjennomsnittsfargen på pikslane i området. Det andre alternativet er Tilfeldig, som brukar ein tilfeldig farge.