Denne sida vert brukt for å tilpassa tekst som kjem fram på tittellinja og på statuslinja i biletvindauget. Tittellinja skal normalt verta vist over biletet, men sidan dette krev eit samarbeid med bilethandsamaren i datamaskinen, er det slett ikkje sikkert at dette alltid er tilfelle. Statuslinja skal på same måten normalt vera å finna under biletet, men heller ikkje her kan ein vera heilt sikker på at så er tilfelle. Sjå meir om dette i avsnittet om biletvindauge.
Du har tilgang til dette dialogvindauget frå hovudmenyen via → .
Du kan velje mellom ein del ferdige format, eller du kan lage eit sjølv ved å skrive inn ein formatstreng. Denne formatstrengen viser alt slik du skriv det inn, unntatt variablane, som alltid byrjar med «%». Her kjem ei liste aver dei variablane du kan bruke:
| Variablane | Betyr | 
|---|---|
| %f | Namnet på biletfila, eller «Utan namn» | 
| %F | Full bane, eller «Utan namn» | 
| %p | ID-nummer for biletet (dette er unikt). | 
| %i | Visningsnummer dersom biletet har meir enn ei vising | 
| %t | Bilettype (RGB, gråtone eller indeksert) | 
| %z | Forstørringsfaktor i prosent | 
| %s | Skaleringsfaktor kjelde (forstørringsnivå= %d/%s) | 
| %d | Skaleringsfaktor mål (forstørringsnivå= %d/%s) | 
| %Dx | Utvid til x dersom biletet er ulagra, elles ingenting | 
| %Cx | Utvid til x dersom biletet er lagra, elles ingenting | 
| %l | Talet på lag | 
| %L | Talet på lag (lang form) | 
| %m | Minne brukt av biletet | 
| %n | Namnet på gjeldande lag/kanal | 
| %o | Namnet på fargeprofilen | 
| %P | ID for gjeldande lag/kanal | 
| %w | Biletbreidde i pikslar | 
| %W | Biletbreidde i brukt måleeining | 
| %h | Bilethøgde i pikslar | 
| %H | Bilethøgde i brukt måleeining | 
| %u | Symbol for måleeining (t.d. px for piksel) | 
| %U | Forkorting for måleeining | 
| %x | Gjeldande lagbreidd i pikslar | 
| %X | Gjeldande lagbreidd i verkeleg måleeining | 
| %y | Gjeldande laghøgd i pikslar | 
| %Y | Gjeldande laghøgd i reell måleeining | 
| %% | Skriv ut teiknet «%» |