Du har tilgang til dette dialogvindauget frå hovudmenyen via → .
Maskinvareakselerasjon
Innstillingane for leikeplassen er tilgjengeleg berre viss GIMP er opna med kommandoen «--show-playground» i linjeargumentet eller viss du tidlegare har slått på ei av dei eksperimentelle innstillingane i leikeplassen.
OpenCL er eit akronym for Open Computing Language (sjå Wikpedia). Dette valet prøver å forbetra farten på utføringa av fleire operasjonar ved å bruka GPU (grafisk prosessor) i staden for CPU-en.
                       
                     | 
                    Åtvaring | 
|---|---|
| 
                       Dette er ein veldig eksperimentell funksjon som er kjent for å krasja ofte! Slå på dette berre hvis du har tenkt å arbeida med å forbetra det, og ikkje gløym at du har slått det på.  | 
                  
Eksperimentell
Dette verktøyet vert brukt for å laga ein gummiliknande deformasjon av biletet ved å bruka punkt.
Med dette verktøyet kan du lime inn eit bilete i eit anna saumlaust.
Dette verktøyet let deg teikna på eit bilete for gradvis å laga eit utval.
                 
               | 
              Åtvaring | 
|---|---|
| 
                 Dette er eksperimentelle verktøy so er kjende for å krasja, gjera maskinen saktare og ikkje arbeida som venta. Slå på desse berre viss du ønskjer å prøva dei ut eller ønskjer å forbetra dei, og ikkje gløym at du har slått dei på.  |