5.19. Eksportera bilete som FITS

5.19.1. Oversyn

Du kan eksportera bilete i formatet «fits» som er forkorting for «Flexible Image Transport System» ved å velja filutvidinga «.fits» eller velja «Flexible Image Transport System» som filtype i vindauget. Dette formatet er mykje brukt for astronomiske bilete.

Det er ingen innstillingar å velja mellom. Det vert ikkje opna eit dialogvindauge for eksport. Eksporteringa vil byrja automatisk.