8.61. Lokal terskel

8.61.1. Slå på kommandoen

Du har tilgang til dette filteret på hovudmenyen via FargarLokal terskel ….

8.61.2. Innstillingar

Figur 16.233. Innstillingane for filteret «Lokal terskel»

Innstillingane for filteret «Lokal terskel»

Forval, Inngangstype, Klipping, Blandeinnstillingar, Førehandsvising, Flett samman filter, Delt vising
[Notat] Notat

Desse vala er forklarte i Del 8.1.2, «Felles eigenskapar for fargar».

Radius

Standardavvik for gaussisk nabolagsgjennomsnitt for utrekning av lokal kontrast. Viss sett til 0, vert ein global terskel brukt i staden for ein terskel basert på lokal kontrast.

Kantutjamning

Dette set eit omtrentleg mål for kor nøyaktige kantutjamningane skal vera, eller set til 1 for å slå av kantutjamninga.

Terskelnivå

Terskelnivået inneheld to verdiar. Juster den nedre terskelen mot 0 for å redusera skuggar, eller mot 1,0 for å redusera høglys. Den øvre terskelen bestemmer maksimumsverdiene som skal inkluderast. Verdiar over dette vert sette til 0.