Dette filteret reduserer ujamne overgangar (sjå kantutjamning) ved hjelp av ein matematisk funksjon som vert kalla Scale3X kantekstrapoleringsalgoritme.
Scale3X er utvikla frå Scale2X, som er ein grafisk effekt for å auka storleiken på små bilete ved å «gissa» verdien for dei manglande pikslane utan å interpolera og utan å gjera biletet uskarpt. [8] Scale2X vart utvikla for å forbetra skjermvisinga for gamle Arcade- og dataspel når desse vert brukte på skjermar med høgare oppløysing som TV-ar, Arcade-monitorar, PC-skjermar og LCD-skjermar. [9]
Kantutjamningsfilteret verkar slik: for kvar piksel vert den opphavlege pikselen utvida med 9 (3 × 3) nye pikslar ved å bruka Scale3X-algoritmen og ekstrapolerer fargane frå originalpikslelen og dei 8 omkringliggjande pikslane og lagar ein ny piksel av det vekta gjennomsnittet av denne prosessen.
Eksempla nedanfor viser effekten på nokre mønster. Dei små firkantane er éin piksel (forstørra 16 gonger).
Originalbiletet (forstørra 16 gonger)
Eksempel på bruk av filteret «Kantutjamning» (forstørra 16 gonger)