I denne bolken vil du finna hjelp for kommandoane i -menyen.
|
Notat |
|---|---|
|
I tillegg til kommandoane som er omtalte her, kan du også finna andre menyoppføringar. Dei er ikkje ein del av GIMP, men er lagt til av eit tredjeparts programtillegg. Du kan finna dokumentasjon om programtillegga i dokumentasjonen som følgjer med dei. |
I GIMP sin terminologi er eit filter eit programtillegg som modifiserer innhaldet i eit bilete, og då som regel ved at endringane vert gjort i det gjeldande laget. Diverre følgjer ikkje alle utviklarane denne definisjonen. Mange programtillegg vert kalla filter, enda om dei ikkje forandrar noko som helst i sjølve biletet.
Med unnatak av dei øvste elementa i -menyen, er alle dei andre elementa programtillegg. Sidan kvart programtillegg sjølv bestemmer kva meny det skal leggjast i, kan innhaldet i menyane variera frå brukar til brukar. I praksis er likevel variasjonane små sidan dei fleste programtillegga kjem saman med GIMP, og dei er sjølvsagt alltid på same staden.
Programtillegga er ikkje avgrensa til berre -menyen: eit programtillegg kan leggjast inn i kva meny som helst. Mange av dei grunnleggjande funksjonane i GIMP (for eksempel i -menyen) er programtillegg. Men menyen er den vanlegaste staden å leggja eit programtillegg.
Du kan finne meir om programtillegga og bruken av dei i Del 1, «Programtillegg». Vidare finn du meir informasjon om kvart av filtra som følgjer med GIMP i Kapittel 17, Filter. Dersom du installerer filter sjølv, må du referera til informasjonen som følgjer med filtra.