8.2. Fargebalanse

Verktøyet for fargebalanse endrar fargebalansen i det gjeldande utvalet eller laget. Endringane er ikkje drastiske. Dette verktøyet er eigna for å korrigera dominerande fargar i digitale bilete.

[Notat] Notat

Denne kommandoen verkar ikkje på bilete i gråtoner. Dersom biletet er i gråtoner er kommandoen kopla ut.

8.2.1. Slå på kommandoen

Du har tilgang til dette filteret på hovudmenyen via FargarFargebalanse ….

8.2.2. Innstillingar

Figur 16.122. Innstillingar for fargeballanse

Innstillingar for fargeballanse

Forval, Blandeinnstillingar, Førehandsvising, Flett samman filter, Delt vising
[Notat] Notat

Desse vala er forklarte i Del 8.1.2, «Felles eigenskapar for fargar».

Vel området som skal justerast

Vel du ei av desse innstillingane, vert fargeområda som kan endrast med glidebrytarane eller innskrivingsboksane avgrensa for skuggar (mørke pikslar), mellomtoner (medium pikslar) og høglys (lysaste pikslane).

Juster fargenivåa

Glidebrytarane og områda for dei tre RGB-fargane til komplementærfargane deira (CMY). Null svarar til den gjeldande nivåverdien i det opphavlege biletet. Du kan endra pikselfargen anten mot raudt eller cyanblått, grønt eller magentaraudt, blått eller gult.

Tilbakestill området

Denne knappen set fargeverdiane tilbake til null (dei opphavlege verdiane).

Behald lysstyrken

Dette alternativet sikrar at lysstyrken til det gjeldande laget eller utvalet ikkje vert endra. Verdien av dei lysaste pikslane vert ikkje endra.