Dette filteret lagar eit nytt lag i biletet med skyer eller røyk. Skyene vert laga med Plasma-tekstur.
|
Notat |
|---|---|
|
Dersom biletet er indeksert, er denne menyoppføringa gråa ut og utilgjengeleg. |
Mellom dei få innstillingane, er det berre «turbulens» som er viktig fordi du ikkje kan endra innstillingane seinare. Viss resultatet ikkje er heilt vellukka, må du angra alt og byrja på nytt.
Namnet på laget. Du kan endra det seinare i dialogvindauget for Lag.
Har som standard ei sandbrun (240, 180, 70) farge. Trykk på fargeknappen om du meiner at denne fargen ikkje er ein naturleg tåkefarge.
Dette er turbulensinnstillingane for Plasma-filteret: det kontrollerar kompleksiteten til skyene, frå mjuke (låg verdi) til harde (høg verdi).
Gjennomsikta for laget. Du kan endra det seinare i dialogvindauget for Lag.