5.4. Pensel i ei snarvending

Det er to måtar å laga ein ny pensel på:

  1. Først den raske mellombels måten. Merk det området av biletet du vil laga pensel av ved å markera det med rektangel- eller ellipse-verktøyet. Kopier dette utvalet. Du skal no kunna finna denne kopien i øvre, venstre hjørne i penseldialogvindauget under namnet «Utklippstavle». Denne kopien kan du no bruka som pensel.

    Denne penselen er mellombels: han forsvinn når du lukkar GIMP. Du kan gjera han permanent ved å klikka på Dupliser denne penselen nedst i penselpanelet.

    Figur 7.20. Utvalet vert ein pensel når du kopierer det

    Utvalet vert ein pensel når du kopierer det

  2. Den andre måten er litt vanskelegare.

    Vel FilNy… i hovudmenyen.

    Set Breidd og Høgd til for eksempel 30 pikslar.

    I Avanserte innstillingar, set du for eksempel Fargerom til Gråtone og Fyll med til Kvite.

    Forstørr visinga av biletet og bruk ein svart blyant for å lage ei teikning på biletet.

    Vel FilEksporter som… i hovudmenyen.

    Eksporter biletet med filutvidinga .gbr i mappa brushes i den private penselmappa for GIMP. Kva denne er plassert er avhengig av kva OS du brukar:

    • Linux: /home/user_name/.config/GIMP/2.99/

    • macOS: /Users/user_name/Library/Application Support/GIMP/2.99/

    • Windows: C:\`\Brukarar\brukarnamn\AppData\Roaming\GIMP\2.99\

    Trykk på knappen oppdater penslane i dialogvindauget penslar .

    Penselen din dukkar straks opp saman med dei andre penslane. Du treng ikkje starta GIMP på nytt for å bruka han.

    Figur 7.21. Stega for å lage ein pensel

    Stega for å lage ein pensel

    Teikna biletet og lagra det som pensel

    Stega for å lage ein pensel

    Oppdater penslane

    Stega for å lage ein pensel

    Bruk penselen