10. Fargeovergangar («Gradienter»)

Figur 7.22. Nokre eksempel på fargeovergangar i GIMP.

Nokre eksempel på fargeovergangar i GIMP.

Ovanfrå og ned: Forgrunn til bakgrunn (RGB); Full saturation spectrum CCW; Nauseating headache; Browns; Four bars


Ein fargeovergang (også kalla «gradient») er eit sett med fargar arrangert i lineær rekkefølgje. Det enklaste eksemplet på denne bruken finn vi i fargeovergangsverktøyet. Dette verktøyet fyller eit utval med fargar frå ein fargeovergang på ein av dei mange måtane du har valet mellom. Dessutan finst det mange andre bruksområde for fargeovergangane, inkludert:

Å teikne med fargeovergang

Kvart av dei grunnleggjande GIMP-verktøya kan brukast saman med fargeovergangar. Dette kan mellom anna nyttast for å lage målingstrøk som skifter farge undervegs.

Filteret «fargelegg frå fargeovergang»

Med dette filteret, som du finn i fargemenyen, kan du «fargeleggje» eit bilete ved å byta ut fargane i biletet med fargane frå den gjeldande fargeovergangen. Dette vert gjort ved at mørke fargar (intensitet 0) i biletet vert bytt ut med fargane til venstre i fargeovergangen, medan dei lyse fargane (intensitet 255) vert bytte ut med fargane frå den høgre sida i overgangen. Du finn meir om dette i Del 8.39, «Fargelegg frå fargeovergang».

GIMP vert levert med mange ferdigdefinerte fargeovergangar. Du kan også laga nye, eller lasta inn frå andre kjelder. (Søk på Internett etter «gradient»). Du har full tilgang til alle fargeovergangane frå Fargeovergangsdialogvindauget, som er eit dialogvindauge du kan kalla fram når du treng det, eller du kan leggja det inn som ei fane i eit annan dialogvindauge. Den gjeldande fargeovergangen, brukt i dei fleste fargeovergangsoperasjonane, vert vist i indikatorområdet i verktøykassa. Klikkar du på fargeovergangsbiletet, dukkar dialogvindauget for fargeovergangane opp.

Nokre raske eksempel på bruk av fargeovergangar. Sjå Fargeovergangsverktøy):

Nokre nyttige opplysningar om GIMP sine fargeovergangar:

Fargeovergangane som følgjer med GIMP er lagra i systemmappa gradients. Dei fargeovergangane du lagar sjølv, vert automatisk lagra i mappa gradients i den personlege GIMP-katalogen din. Når du startar GIMP, vert alle fargeovergangsfilene, dvs. filer med filutvidinga .ggr), lasta inn automatisk. Du kan legge inn fleire katalogar eller mapper i søkevegen GIMP nyttar ved å gå inn på fanen for fargeovergangar på sidene for datamapper i brukarinnstillingane.

GIMP kan også lasta inn fargeovergangsfiler i SVG-format. Dette formatet vert brukt av mange program for vektorgrafikk. For å få GIMP til å lasta inn ein SVG-fargeovergangsfil, er å leggja fila i mappa gradients i den personlege GIMP-mappa di eller ei anna mappe i søkjestien for fargeovergangar.

[Tips] Tips

Du kan finna mange interessante SVG-fargeovergangar på Internett (søk på «gradient»), spesielt i OpenClipArt Gradients [OPENCLIPART-GRADIENT]. Du kan ikkje sjå korleis desse filene ser ut med mindre du har ein nettlesar som støttar SVG-formatet, men du kan i alle tilfelle lasta dei ned.