Innhald
Avhengig av operativsystemet du har, vil du som oftast opna GIMP ved å trykkja på eit ikon på skrivebordet eller ved å skriva gimp på ei kommandolinje. Har du fleire utgåver av GIMP installert i maskinen din, må du kanskje skriva gimp-2.10 for å få opp den siste versjonen. Du kan, dersom det er ønskjeleg, skriva ei liste over biletfiler på kommandolinja etter programnamnet. Desse bileta vert så opna automatisk av GIMP ved oppstart. Sjølvsagt kan du også opna filer frå GIMP medan programmet køyrer.
Dei fleste operativsystema har ein eller annan måte for å tilordna filklassar, kjenneteikna ved filnamnutvidingane som t.d. «.jpg», til bestemte program, som t.d. GIMP. Du kan altså stilla inn programmet slik at når du dobbeltklikkar på ei biletfil i filutforskaren, vert dette biletet opna i GIMP.
Viss du installerte flatpakkeversjonen av GIMP frå flathub.org, opnar du GIMP anten ved å klikka på eit ikon eller ved å skriva flatpak run org.gimp.GIMP//stable på kommandolinja.
GIMP er for tida det biletbehandlingsprogrammet med størst støtte. Til nå er GIMP prøvd ut på desse plattformene:
GNU/Linux™, Apple macOS™, Microsoft Windows™, OpenBSD™, NetBSD™, FreeBSD™, Solaris™, SunOS™, AIX™, HP-UX™, Tru64™, Digital UNIX™, OSF/1™, IRIX™, OS/2™, and BeOS™.
Sidan GIMP har opne kjeldekoder, er det enkelt å tilpassa programmet til andre operativsystem. Du kan finna meir om dette på GIMP-utviklarane si heimeside (på engelsk): [GIMP-DEV].
GIMP vil bruka det språket datamaskinen er sett opp med. Dersom GIMP av ein eller annan grunn ikkje finn språket, eller dersom du ønskjer å bruka eit anna språk, kan du gjera dette frå menyvalet
→ → .Du kan også bruka:
I LINUX: i «console mode», skriv du LANGUAGE=xx GIMP
eller LANG=xx gimp
der du byter ut «xx» med koden for det språket du ønskjer (nn for nynorsk, nb for bokmål for eksempel). Bakgrunn: LANGUAGE=xx
set ein omgivnadsvariabel («environment variable») for programmet gimp
.
Knappen «Systemvariablar» knappen : Skriv LANG for Namn og fr, de, etc. for verdi. Pass på! Du må trykkja tre gongar for å validera valet.
→ → → i områdetDersom du ofte skiftar språk, kan du laga ei «batchfil» for dette. Opna Notisblokk el. l. program og skriv inn følgjande (for fransk):
set lang=fr
start gimp-2.10.exe
Lagra fila som GIMP-FR.BAT
(eller eit anna høveleg namn, men alltid med filutvidinga .BAT
). Lag ein snarveg til fila på skrivebordet. Som dei fleste andre program, brukar også GIMP språkkoden «nb» for bokmål og «nn» for nynorsk. («no» er ikkje språkkode, men koden for landet Noreg).
Ein annan måte dersom dette programmet er installert: Vel
→ → og deretter og vel språk frå nedtrekkslista.Frå Systeminnstillingar klikk Generelt på sidestolpen. Deretter vel du Språk og Region. Det ønskte språket skal vera først i lista.
Du kan køyra to versjonar av GIMP samstundes ved å bruka -n
i kommandolinja. For eksempel kan du bruka gimp-2.10
for å starte GIMP på språket systemet er sett opp til og LANGUAGE=en gimp-2.10 -n
for samstundes å køyra GIMP på engelsk. Dette kan vere nyttig for omsetjarar.
Det er ikkje nødvendig å bruka argument når du opnar GIMP, men i tilfelle du av ein eller annan grunn skulle ha bruk for det, er nokre av dei vanlegaste argumenta viste nedanfor. I Unix-system kan du bruka man gimp
for å lista ut alle argumenta.
Argumenta i kommandolinja må skrivast inn i kommandoen du brukar for å opna GIMPsom gimp-2.10 [OPTION...] [FILE|URI...].
Vis ei liste over alle kommandoane.
Vis alle hjelpvala.
Vis alle GEGL-innstillingane.
Vis alternativ for GTK+.
Skriv kva for versjon av GIMP som er i bruk, og slutt av programmet.
Vis lisensinformasjon og slutt av.
Vis detaljerte oppstartmeldingar.
Start ei ny økt av GIMP.
Opna bilete som nytt.
Køyr utan brukargrensesnitt.
Ikkje last inn mønsterelement, fargeovergangar, palettar eller penslar. Kan vere nyttig i ikkje-interaktive situasjonar der oppstarttida skal vere kortast råd.
Ikkje last inn nokon skrifttypar. Dette kan korte ned oppstarttida for GIMP når skripta ikkje brukar skrifttypar. Kan også vere nyttig for å finna skrifttypar med feil som gjer at GIMP stoppar opp.
Ikkje vis oppstartskjermen.
Ikkje bruk delt minne mellom GIMP og programtillegga.
Ikkje bruk funksjonar for å auke farten på CPU. Kan vere nyttig for å finna eventuelle feil i slik programvare eller utstyr.
namn
Bruk eit anna sessionrc
for denne GIMP-økta. Det gjevne «session name» vert lagt til det normale «sessionrc filename».
filnamn
Bruk ei alternativ gimprc
-fil i staden for den vanlege. gimprc
-fila inneheld data om innstillingane dine. Kan vere nyttige når banane til programtillegga eller maskinoppsettet er endra.
filenamn
Bruk ei alternativ system-gimprc-fil.
kommandoar
Utfør kommandosettet «non-interactively». Kommandosettet er typisk eit skript som vert utført av ei av GIMP sine skriptutvidingar. Dersom du brukar kommandoen -
, vert kommandoane lesne frå standarinngangen.
proc
Prosedyren som vert brukt for å køyre mengdetolkarane (batch kommandoane). Denne er normalt sett til Script-Fu.
Avslutt straks etter å ha utført førespurde handlingar
Ikkje vis dialogboksar ved varsling av feil. Skriv meldingane til konsollen i staden.
modus
PDB kompatibilitetsmodus (off|on|warn)
mode
Feilfinning i tilfelle krasj (never|query|always)
Aktiver signalhandterarar for ikkje-fatale feil. Vert brukt for å finna feil i GIMP.
Gjer alle åtvaringane fatale. Vert brukt for å finna feil i GIMP.
Vis ei gimprc-fil med normalinnstillingane. Kan kome til nytte dersom du rotar til gimprc-fila.
Vis ei preferanseside med eksperimentelle funksjonar.
display
Bruk X visning (gjeld ikkje på Microsoft Windows).