Dette filteret kan gjera det same som filtera kubisme og bruk lerret og ein heil del i tillegg. Det gjer at biletet vert sjåande ut som eit målarstykke på eit papir og med ein sjølvvald pensel. Det verkar på det gjeldande laget eller utvalet.
Dialogvindauget har på venstre sida ei alltid synleg førehandsvising og på høgre sida ei større mengde innstillingar for GIMPressionist i ulike faner.
Førehandsvisinga syner ikkje endringane i biletet før du har trykt på knappen
. Dette rett og slett fordi filteret brukar så mykje datakraft at det ville seinka arbeidet å stendig måtte oppdatere. Skulle du koma for langt ut på viddene, kan du alltids bruka knappen for å setja alle parametrane tilbake til slik dei var opphavleg.Filteret «GIMPressionist» har mange ulike innstillingar. I tillegg kan desse innstillingane kombinerast og såleis gje nesten uteljande mange ulike påverknader på biletet. Difor er det også viktig å lagra eventuelle interessante innstillingar du måtte kome fram til. Det er uråd å hugse alle kombinasjonane. Sidan utvalet er så stort, er det også vanskeleg å vita på førehand kva resultatet vert.
Innstillingane for «Førehandsinnstillingar»
Lagrar dei gjeldande innstillingane. Bruk dialogboksen til venstre for denne knappen til å gje innstillingane eit namn og eventuelt ei kort beskriving i dialogvindauget som dukkar opp.
Trykk på denne knappen for å hente parametrane for den valde førehandsinnstillinga i lista.
Trykk på denne knappen for å slette den valde førehandsinnstillinga i lista. Du kan berre slette innstillingar du har laga eller lagt inn sjølv.
Oppdaterer lista over førehandsinnstillingar.
I denne fana kan du velja teksturen på biletoverflata frå lista med ferdiglaga teksturane. Strukturen for den valde teksturen vert vist i ei førehandsvising.
Innstillingane for fana «Papir»
Inverterer den valde teksturen slik at det som før såg ut som ei hole no ser ut som ein hump, og omvendt.
Den valde teksturen vert lagt over biletet som eit gjennomsiktig papir i staden for å påverka biletet direkte.
Denne glidebrytaren bestemmer storleiken på teksturen i prosent av den opphavlege fila: kontrollerer korninga av strukturen.
Spesifiserer kor mykje gravyr som skal brukast (3-150).
«Pensel» er eit generelt omgrep for eitkvart materiale som vert brukt til å teikna eller måla. Du finn her ei liste over alle tilgjengelege penslar og ei førehandsvising av den valde penselen.
Innstillingane for «Pensel»
Endrar gamma (lysverdien) til den valde penselen. Gammakorreksjonen gjer mellomtonene lysare eller mørkare.
Det er også råd å bruka eigne bilete som penslar ved å bruka pilknappen på utvalslinja. Einaste kravet er at biletet må vera synleg på skjermen før du opnar filteret. Naturlegvis bør slike bilete vera nokså små for å få ein brukbar effekt.
Dersom biletet har fleire biletlag, vert kvart av desse vist i utvalslista, og i førehandsvisinga dersom laget er slått på, og kan verta brukt som pensel.
Du kan lagra den valde penselen ved å trykkja på knappen
.Bestemmer forholdet mellom høgd (0 -1) og breidd (0 +1).
Bestemmer mengda av farge for kvart strok. Dette kan slå på maling med ein palettkniv.
Denne fana let deg stilla inn retninga på penselstroka. En målar er ikkje forplikta til å bruka same penselvinkelen heile tida. For å utføra nokre effektar, kan han variera retninga på stroka.
Innstillingane for fana «Orientering»
Her bestemmer du kor mange gonger penselen skal passera eit punkt med ulik strokretning kvar gong. Resultatet vert eit tjukkare malingslag.
Spesifiserer hovudretninga for stroket, vinkelen for første stroket. Dette vert ofte brukt for å gje inntrykk av rørsle i biletet.
Spesifiserer vinkelen, sektoren, for «vifta» i stroket.
Spesifiserer retninga på penselstroka.
Retninga på penselstroka vert bestemt ut frå lysverdien i området.
Avstanden frå biletsenteret bestemmer retninga på penselstroka.
Gjev ei tilfeldig retning på penselstroka.
Lat retninga frå biletsenteret bestemma retninga på penselstroka.
Eigentleg ikkje ei retning. Lager «svevande» penselstrok.
Retninga på penselstroka vert bestemt ut frå kuløren i området.
Retninga på penselstroka vert mest mogleg bestemt ut frå retningar i det opphavlege biletet.
Dersom du trykkjer på knappen retningskarthandsamaren slik at du kan setja strokretningane manuelt.
vil du få opp dialogvindauget forI denne fana kan du setja talet på penselstorleikar som vert brukte, avgrensingane for variasjonane i storleikar og kriteria som vert brukte for å styra dei.
Innstillingane for fana «Storleik»
Her bestemmer du kor store penslane skal vera og kor mange ulike storleikar du kan ha i biletet.
Kor mange ulike penselstorleikar som skal vera i bruk.
Penslane vil få ein storleik mellom desse verdiane. Dess større storleik dess større vert breidda og lengda av stroka.
Her vel du kva som skal styra storleiken på penselstroka.
Storleiken vert bestemt ut frå lysverdien i området.
Lat avstanden frå biletsenteret bestemma storleiken på penselstroket.
Set ein tilfeldig storleik for kvart strok.
La retninga frå biletsenteret bestemma storleiken på penselstroket.
Eigentleg ikkje eit spørsmål om lengd, men gjer at stroka følgjer eit «svevande» mønster.
Storleiken vert bestemt ut frå kuløren i området.
Vel den penselstorleiken som kjem nærast det opphavlege biletet.
Dersom du trykkjer på knappen Retningskarthandsamaren slik at du kan setja strokstorleikane manuelt.
få opp dialogvindauget forI denne fana kan du bestemma korleis penselstroka skal fordelast i biletet.
Innstillingane for fana «Plassering»
I førehandsvisinga i retningskartet ser det som alle dei små pilene flyt rundt objekta. Inne i denne flyten kan stroka plasserast på to ulike måtar:
Fordeler penselstroka tilfeldig i biletet. Dette gjev ei meir realistisk teikning.
Plasserer stroka jamt utover biletet.
Dess større tettleik dess nærare er stroka kvarandre. Med liten tettleik kan papiret eller bakgrunnen vera synleg i område som ikkje er dekka av penselstrok.
Konsentrer penselstroka omkring sentrum av biletet.
Denne fana kan du setja fargen for stroka.
Fargeinnstillingar
Du kan setja strokfargen på to måtar:
Penselfargen vert gjennomsnittet av alle pikslane under penselen.
Fargen vert bestemt ut frå pikselen under midten av penselen.
Med denne glidebrytaren eller innskrivingsboksen kan du setja til støy i fargen for å gjera han mindre homogen.
I denne fana kan du bestemma kva som skal vera bakgrunnen i biletet og relieffverknaden til stroka,
Generelle innstillingar
Det opphavlege biletet vert brukt som bakgrunn.
Bruk kopi av teksturen i det valde papiret som bakgrunn.
Du kan velja farge for den einsfarga bakgrunnen ved å klikka på fargeknappen.
Brukar ein gjennomsiktig (transparent) bakgrunn. Berre dei malte penselstroka vil vera synlege. Dette valet er berre tilgjengeleg dersom biletet har ein alfakanal.
Dersom denne er slått på, vert det teikna ein smal kant rundt penselstroket, elles ikkje.
Dersom denne er slått på, kan biletet flisleggast utan synlege saumar mellom bileta. (Flislegging er å legge mange kopiar av biletet ved sida og over kvarandre for å dekkja eit større område). Høgresida vil passe til venstresida og botnen til toppen. Dette er spesielt nyttig dersom du brukar biletet som bakgrunn på ei nettside.
Legg ein skuggeeffekt til penselstroka.
Kor mykje kanten av stroket skal gjerast mørkare for kvart strok. Dette aukar relieffverknaden oller tjukkleiken av stroka.
Kor mykje skuggen av stroket skal gjerast mørkare.
Kor langt ut frå objektet skuggen skal nå.
Kor mykje slagskuggen skal slørast.
Ein redningsverdi for adaptive val av penselstorleik.
Retningskarthandsamaren er ein del av filteret GIMPressionist og kjem fram når du klikkar på knappen i fana Orientering i dette filteret. Handsamaren vert brukt til å bestemma retninga for malingstroka i filteret.
Det er råd å setja inn éin eller fleire såkalla «vektorar» som vil vera verksame på det tilsvarande området i biletet. Du kan bestemma både retninga og styrken for kvar enkelt vektor.
Det venstre vindauget (Vektorar) vert brukt for å handsama vektorane. Når du opnar dialogvindauget er det normalt sett inn ein vektor i sentrum av biletet. Ein gjeldande vektor er farga raud, dei andre vektorane er grå. Spissen (ankerpunktet) av vektoren er markert med ein kvit prikk.
Du kan legge til ein vektor i midten av biletet ved å klikke på knappen
. Klikk med den for å flytte vektoren til der du klikka.Dersom du klikkar på den
, vert den gjeldande vektoren flytt til dit musemarkøren er plassert.Dersom du klikkar på den
vil den gjeldande vektoren peike til dit musemarkøren er plassert.Du flytter fokus til neste vektor ved hjelp av knappane
og .Trykk på knappen
for å fjerna den markerte vektoren.Tips | |
---|---|
Rulleknappen til høgre for vektorpanelet vert brukt for å setje lysstyrken på biletet. Bruk denne dersom det er vanskeleg å sjå vektorane. |
Dette er ikkje ei vanleg førehandsvising, men gjev eit inntrykk av korleis vektorane verkar inn på biletet. Du kan endra lysstyrken i førehandsvisinga med glidebrytaren til høgre.
Dette er ulike måtar å påverka området rundt den gjeldande vektoren på. Verknaden vert vist i førehandsvisinga, og er for kompleks til å kunne beskrivast på fornuftig vis.
Eit «Voronoi-diagram» deler eit plan med n hovudpunkt inn i n polygon der kvart polygon inneheld eitt av dei n hovudpunkta. Dei andre punkta i polygonen er nærare dette hovudpunktet enn dei andre hovudpunkta. Grensa for polygonen er altså halvvegs mellom to hovudpunkt. Her er eit eksempel på eit voronoidiagram:
Når det er avmerkt for dette valet, vil berre den vektoren som er nærast eit gjeve punkt påverka dette punktet.
Retninga til den gjeldande vektoren. Verknaden er den same som når du klikkar med den høgre museknappen nemnd ovanfor.
Med denne glidebrytaren forandrar du vinkelen til alle vektorane samstundes.
Med denne glidebrytaren bestemmer du påverknaden til den gjeldande vektoren. Styrken avgjer kor mykje vektoren skal påverka nærliggjande vektorar, og avtar med avstanden. Lengda på vektoren viser styrken.
Denne glidebrytaren styrer lengda på alle vektorane samstundes og endrar såleis styrken på penselstroka.
Storleikshandsamaren er ein del av filteret GIMPressionist og kjem fram når du klikkar på knappen i fana Storleik i innstillingane for dette filteret. Handsamaren vert brukt til å bestemma storleiken på malingstroka i filteret.
Det er råd å setja inn ein eller fleire vektorar som vil vera verksame på det tilsvarande området i biletet. Du kan bestemma styrken for kvar enkelt vektor.
Dette vindauget vert brukt for å plassere vektorane. Ved å klikke på knappen
vert det sett inn ein vektor i sentrum av biletet. Når du klikker på den vert vektoren flytt til der du klikka. Den gjeldande vektoren er raudfarga med eit kvitt punkt i den eine enden, dei andre vektorane er farga grå.Dersom du klikkar på den
, vert den gjeldande vektoren flytt til dit musemarkøren er plassert.Klikk med den
har ingen verknad.Du flytter fokus til neste vektor ved hjelp av knappane
og .Klikk på knappen
for å sletta den gjeldande vektoren.Tips | |
---|---|
Rulleknappen til høgre for vektorpanelet vert brukt for å setje lysstyrken på biletet. Bruk denne dersom det er vanskeleg å sjå vektorane. |
Dette er ikkje ei vanleg førehandsvising, men viser reint skjematisk korleis vektorane verkar inn på biletet. Storleiken på firkantane viser penselstorleiken og penselstyrken.
Endrar storleiken på penselstroka i det valde sektorområdet.
Denne glidebrytaren styrer kor sterk påverknad den valde vektoren skal ha. Denne påverknaden minkar med avstanden.
Endrar eksponenten for styrken på penselstroket.
Sjå under Retningskarthandsamararen for ei nærare forklaring.