3.3. Gaussisk sløring

3.3.1. Oversyn

Figur 17.11. Verknaden av filteret

Verknaden av filteret

Originalbiletet

Verknaden av filteret

Biletet er sløra


Programtillegget «Gaussisk sløring» verkar på kvar piksel i det aktive laget eller utvalet og set verdien til gjennomsnittet av alle pikselverdiane som finst innføre ein radius som er definert i dialogvindauget. Ein høg verdi fører til mykje sløring. Sløringa kan stillast inn til å verka meir i éi retning enn ein annan ved å trykkja på lenkjeknappen slik at lenkja mellom storleik X og storleik Y vert broten, og deretter endrar radius. GIMP støttar to implementeringar av Gaussisk sløring: AIR og RLE. Dei gjev sei same resultata, men kvar av dei kan vera raskare i nokre tilfelle.

3.3.2. Aktivera filteret

Du har tilgang til dette filteret frå hovudmenyen under FilterSløringGaussisk sløring.

3.3.3. Innstillingar

Figur 17.12. Innstillingane for filteret «Gaussisk sløring«

Innstillingane for filteret «Gaussisk sløring«

Førehandsval, «Inndatatype», klipping, blandingsval, førehandsvising, delt vising
[Notat] Notat

Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar».

Storleik X, Storleik Y

Her bestemmer du mengda av sløring. Ved å endra høvet mellom vassrett og loddrett sløring, kan du få eit resultat som liknar fartssløring.

Filter

Auto: Prøver å velja det rette filteret automatisk.

AIR: står for «Avgrensa impulsrespons». For foto og skanna bilete.

RLE: står for «Run Length Encoding» (køyrelengdekoding). Gaussisk sløring med RLE er som oftast best for bilete som er laga med datamaskin eller bilete som inneheld store område med konstant intensitet.

Abyss policy

Abyss policy (kanthandsaming) er handsama med Abyss taktikk.

Klipp til inndatautvidinga

Skulle utgangsutvidinga verta klipt til ingangsutvidinga, vil dette valet fjerna uønskte pikslar som vert laga på kantane ved å sløra dei.

Figur 17.13. Eksempel

Eksempel

Det øvre, høgre hjørnet av biletet, forstørr 800 gongar

Eksempel

«Klipp til inndatautvidinga» ikkje avmerkt

Eksempel

«Klipp til inndatautvidinga» avmerkt


Filteret «Gaussisk sløring» bevarer ikkje kantane i biletet:

Venstre: originalbiletet

Midten: gjennomsnitt

Høgre: Gaussisk sløring