3.7. Pikseliser

3.7.1. Oversyn

Figur 17.22. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Biletet er «pikselisert»


Dette filteret omformar biletet til store fargeblokker noko liknande slike som vert brukte på fjernsyn for å kamuflera ansiktet til folk som ikkje skal gjenkjennast. Denne effekten er nærare forklart i [BACH04] som «Abraham Lincoln Effekt».

3.7.2. Aktivera filteret

Du har tilgang til dette filteret frå hovudmenyen under FilterSløringPikseliser.

3.7.3. Innstillingar

Figur 17.23. Innstillingane for filteret «Pikseliser«

Innstillingane for filteret «Pikseliser«

Førehandsval, «Inndatatype», klipping, blandingsval, førehandsvising, delt vising
[Notat] Notat

Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar».

Form

Du kan velja mellom tre former: rombe, rund og kvadratisk (standard). Formene rombe og rund vert synlege berre viss du senkar Storleiksforholdet X/Y til omkring 0,6 (rombe) eller 0,5 (rund).

Blokkbreidde, Blokkhøgde

Her bestemmer du breidda og høgda på blokkene i pikslar.

Normalt er breidde og høgde lenka saman, vist med lenkesymbolet. Du kan fjerne samanlenkinga ved å klikke på lenkesymbolet.

Storleiksforhold X, Storleiksforhold Y

Vassrett og loddrett storleiksforhold (0,000-1,000) til ein piksel inne i ei blokk. STandardverdien er 1,000. Talet på blokker er heile tida det same. Viss du endrar forholdet, vert storleiken på blokka endra. Dei manglande pikslane vert erstatta med bakgrunnsfargen.

Forskyving X, Forskyving Y

Vassrett og loddrett forskyving av formene i pikslar inne i ei blokk.

Bakgrunnsfarge

Standard bakgrunn er den som vert vist i verktøykassa. Du kan endra dette ved å klikka på fargekjelda, noko som opnar eit fargeveljarvindauge eller plukka ein farge med fargehentaren til høgre.

Merk at du kan endra bakgrunnsfargen til å vera meir eller mindre gjennomsiktig ved å endra alfaverdien i dialogvindauget for å velja farge. Dete kan føra til interessante effektar viss laget du arbeider på har ein alfakanal.