8.56. Posteriser

8.56.1. Oversyn

Figur 16.222. Eksempel for filteret «Posterisering»

Eksempel for filteret «Posterisering»

Det opphavlege biletet

Eksempel for filteret «Posterisering»

«Posteriser» med 3 nivå brukt


Dette verktøyet vektlegg på ein «intelligent» måte pikselfargane i utvalet eller det gjeldande laget og reduserer talet på fargar slik at biletet likevel beheld karakteristikken sin best mogleg.

8.56.2. Slik slår du på filteret

Du har tilgang til dette filteret på hovudmenyen via FargarPosteriser ….

8.56.3. Innstillingar

Figur 16.223. Dialogvindauget for filteret «Posterisering»

Dialogvindauget for filteret «Posterisering»

Forval

«Forval» er ein felles eigenskap for fleire fargekommandoar. Du finn nærare forklaring i Del 8.1.1, «Felles eigenskapar for fargar».

Posteriseringsnivå

Her betyr «nivå» «talet på fargar per kanal».

Med denne glidebrytaren og innskrivingsboksane med pilspissar kan du setja talet på nivå (2-256) i kvar RGB-kanal som verktøyet brukar for å beskriva det gjeldande laget. Det høgste talet på fargar er kombinasjonen av desse nivåa. Nivå 3 gjev såleis 33 = 27 fargar.

Blandeinnstillingar, Førehandsvising, Flett samman filter, Delt vising

Dette er felles eigenskapar forklarte i Del 8.1.1, «Felles eigenskapar for fargar».