Normalt inneheld denne undermenyen berre Python-Fu-konsollen.
Python-Fu er ei samling av Pythonmodular som vert brukte i samband med libgimp for å skriva programtillegg («plug-ins») for GIMP.
Python-Fu-konsollen er eit dialogvindauge som køyrer eit «Python shell», dvs. eit Python tolkeprogram i interaktiv modus. Konsollen brukar rutiner frå det interne GIMP-biblioteket libgimp.
Du kan bruka Python-Fu-konsollen for å testa ut Python-kommandoane interaktivt.
Konsollen inneheld eit stort hovudvindauge for inn- og utdata der du kan skriva Python-kommandoar. Når du skriv inn ein Python-kommando i innskrivingsboksen og trykker på Enter-tasten vert kommandoen handsama av Python og både kommandoen du skreiv inn og returverdien for denne vert skriven ut i hovudvindauget, eventuelt ei feilmelding dersom det er feil i kommandoen.
Knappane i Python-Fu-konsollen
Eit trykk på denne knappen vil lagra innhaldet i hovudvindauget, altså inn- og utdata frå Python-Fu-konsollen, inklusive «>>>
»-teikna).
Trykk på denne knappen for å fjerna innhaldet i hovudvindauget. Innhaldet forsvinn for alltid og du kan ikkje få det tilbake med kommandoen Lagra.
Klikk på denne knappen for å opna prosedyrelesaren med ein ekstra knapp nedst i vindauget.
Når du trykkjer på knappen
i prosedyrelesaren, vert det limt eit oppkall til den valde prosedyren inn i konsollvindauget som ein Python-kommando:Du må no berre byta ut parameternamna (her: «width», «height» og «type») med høvelege verdiar, for eksempel.
image = pdb.gimp_image_new(400, 300, RGB)
Trykk deretter Enter for å køyra kommandoen.
Du må bruka konstantane du finn i omtalen av prosedyreparametra, for eksempel «RGB-IMAGE» eller «OVERLAY-MODE». Hugs at du må erstatta bindestrekar («-») med understrekar («_»): RGB_IMAGE
, OVERLAY_MODE
.
Tips | |
---|---|
Python-Fu er ikkje avgrensa til å kalle opp prosedyrar frå PDB, (GIMP sitt prosedyrearkiv). For å laga eit nytt biletobjekt som det i eksemplet ovanfor, kan du også skriva image = gimp.Image(breidd, høgd, type) (med aktuelle verdiar for «breidd», «høgd» og «type»). |
Trykk på denne knappen for å lukka konsollen.