10. Menyen «Filter»

10.1. Innleiing til menyen «Filter»

Figur 16.247. Menyen «Filter»

Menyen «Filter»

I GIMP sin terminologi er eit filter eit programtillegg som modifiserer innhaldet i eit bilete, og då som regel ved at endringane vert gjort i det aktive laget. Diverre følgjer ikkje alle utviklarane denne definisjonen. Mange programtillegg vert kalla filter, enda om dei ikkje forandrar noko som helst i sjølve biletet.

Med unntak av dei tre øvste kommandoane, er alle dei andre kommandoane i Filter-menyen programtillegg. Sidan kvart programtillegg sjølv bestemmer plasseringa av menyoppføringa, kan innhaldet i denne menyen variera frå brukar til brukar. Dersom du ikkje har tilføyd andre programtillegg enn dei som kjem saman med GIMP, skulle menyen likevel sjå ut omlag som på biletet øvst på denne sida.

Sidan programtillegga sjølv bestemmer kor dei skal plasserast i menysystemet, kan dei eigentleg hamna kvar som helst. Dei aller fleste programtillegga legg seg likevel i filter-menyen.

Du kan finne meir om programtillegga og bruken av dei i Del 1, «Plug-Ins». Vidare finn du meir informasjon om kvart av filtra som følgjer med GIMP i Kapittel 17, Filter. Dersom du installerer filter sjølv, må du referere til informasjonen som følgjer med filtra.