Kapittel 10. Forbetre foto med GIMP

Innhald

1. Bilete frå digitalkamera
1.1. Innleiing
1.2. Å forbetra komposisjonen
1.3. Å forbetra fargane
1.4. Skarpjustering
1.5. Å fjerna uønskte element frå eit bilete
1.6. Å lagra resultatet

1. Bilete frå digitalkamera

1.1. Innleiing

GIMP er svært godt eigna til å rette opp digitalkamerabilete som av ein eller annan grunn ikkje er heilt slik du måtte ønskje. Kanskje er biletet over- eller undereksponert, kanskje litt skeivt eller litt ute av fokus. Dette er vanlege problem som GIMP faktisk ofte har løysingar på. Føremålet med dette kapitlet er å gi deg eit oversyn over desse reiskapa og når dei kan vere til nytte. Du vil ikkje finne detaljerte oppskrifter her, og heller ikkje særleg mykje om ulike spesialeffektar. Det du finn er nokre smakebitar frå ulike kategoriar, og kanskje nokre idéar. Den beste måten å lære bruken av desse verktøya er å eksperimentera. Har du lyst til å studera verktøya nærare, finn du utførleg omtale i den hjelpseksjonen som høyrer til det aktuelle verktøyet. For å ha full glede av dette kapitlet, bør du ha litt kjennskap til GIMP frå før, men du treng på ingen måte vere ekspert. Ver heller ikkje redd for å prøve deg fram. Angrefunksjonen i GIMP er svært godt utbygd. Du kan sleppe unna nesten alle mistak ved hjelp av tastekombinasjonen Ctrl + Z.

Det folk flest oftast har bruk for er hjelpemiddel for å forbetra komposisjonen, endra fargane, gjera biletet skarpare og å fjerna uønskte element i biletet.

1.2. Å forbetra komposisjonen

1.2.1. Rotere biletet

Det hender sikkert også deg ein gong i blant at du held kameraet litt skeivt, og dermed ender opp med eit litt skeivt bilete. Dette er det lett å retta opp i GIMP ved hjelp av verktøyet roter. Du aktiverer dette verktøyet anten ved å klikka på ikonet i verktøykassa eller ved å tasta stor Shift+R når du er innføre biletet. Sjå etter at verktøyinnstillingane er synlege og at den venstre knappen («transformer lag») etter «transformer:» er aktiv. Dersom du nå klikkar ein stad på biletet og flyttar musemarkøren medan du held venstre museknappen inne, vil du sjå at ein del av biletet «vrir» seg. Når du meiner rotasjonen er høveleg, klikk knappen Roter eller trykk Enter og biletet vert sett til den nye utsjånaden.

Det er ikkje alltid like lett å treffa den rette rotasjonsmengda første gongen, og det er freistande å korrigera litt med nye rotasjonar både ein og fleire gonger. Dette bør du helst unngå. Metoden som vert brukt ved denne forma for rotasjon, gjer at biletet vert litt meir uskarpt for kvar rotasjon, same om du roterer biletet mykje eller lite. Kanskje ikkje merkbart om du roterer biletet éin gong, men før eller seinare vil du tydeleg kunne sjå resultatet. Du omgår problemet enklast ved å nullstilla biletet (Angre) mellom kvar rotering.

I GIMP finst det også ein annan, og enklare, måte å rotera bilete på. I verktøyinnstillingane for rotasjonsverktøyet finn du ein avkryssingsboks merka Bakover (korrigerande). Når du brukar denne metoden, vert biletet rotert i samsvar med feilen og ikkje, slik som i den førre metoden, for å kompensera for feilen. Vanskeleg? Prøv metoden, og du vil sjå at det er enklare gjort enn sagt.

[Notat] Notat

Det er ei innstiling der du kan få fram førehandsvisinga av transformasjonen i staden for berre eit rutenett. Dette gjer det enklare å få ting korrekte ved første forsøk.

Når du har rotert eit bilete, vert det nokre trekanta «hol» i kvart hjørne. Ein måte å vert kvitt desse hola på, er å fylla dei med ein eller annan høveleg bakgrunn. Ein betre måte er å «stusse» (beskjere) biletet litt. Altså å skjere ut ein passeleg bit av biletet, utan å ta med hjørnehola. Sjølvsagt er det aller beste å halde kameraet så rett som mogeleg når du tar biletet, men det er ikkje alltid like enkelt det heller.

1.2.2. Beskjering

Når du fotograferer, har du ein viss kontroll med kva som kjem med på biletet. Likevel hender det at du seinare oppdagar at biletet kan forbetrast ved å klippe bort uvedkomande ting. Ofte er det også rom for forbetringar ved å endre utsnittet slik at dei viktigaste elementa kjem i dei såkalla nøkkelpunkta. Ein tommelfingerregel, som ikkje bør følgjast altfor slavisk, er «tredelinga». Denne regelen seier at dersom du deler eit bilete i tre, både horisontalt og vertikalt, skal dei viktigaste elementa i eit bilete plasserast der desse linjene kryssar kvarandre.

For å beskjere eit bilete klikkar du på beskjeringsverktøyet i verktøykassa, eller trykkjer Shift+C medan du er innføre biletet. Når du nå klikkar og dreg innføre biletet, vil du sjå eit rektangel som viser kva som vert att og kva som vert skore vekk. Når alt er slik du vil ha det, trykk Enter. Merk: viss Slett klipte pikslar i innstillingane for klippeverktøyet er slått av, vert dei klipte pikslane ikkje fjerna frå biletet, berre dei synlege delane vert justerte.

1.3. Å forbetra fargane

1.3.1. Automatiserte verktøy

Trass i avanserte system for eksponeringskontroll, vert bilete tatt med digitalkamera ofte over- eller undereksponerte. I tillegg er det nokså vanleg med fargestikk, altså at biletet har for mykje eller for lite av ein farge. I GIMP er det lagt inn mange ulike reiskap for å korrigera fargane i eit bilete, frå automatiske verktøy som vert aktiverte med eit klikk, til avanserte hjelpemiddel der du kan finjustera alle parametra manuelt. Vi byrjar med dei enklaste.

I GIMP finn du fleire automatiske verktøy for korrigering av fargar. Sjølv om dei kanskje ikkje alltid fører fram til dei resultata du er på jakt etter, er dei raske å prøve ut og kan i det minste gi ei rettleiing om kva som bør gjerast med biletet ditt. Med unnatak av «autonivå», finn du desse verktøya i hovudmenyen under FargarAuto.

Her er ein omtale av dei ulike hjelpemidla:

Jamn ut

Denne funksjonen prøver å fordela fargane i biletet likt utover heile det tilgjengelege området av moglege lysstyrkar. Som oftast vert resultatet nokså merkeleg, men av og til greier programmet å setje opp kontrastar og fargefordelingar som er nesten uråd å få fram på andre måtar. Sidan det berre tar ein augneblink å prøve ut effekten, er det vel verd eit forsøk.

Kvitbalanse

Justerer fargane ved å fjerna lite brukte fargar og fordele dei resterande fargane utover i dei ledige områda. Vil ofte forbetra bilete som manglar rein kvit eller rein svart.

Strekk kontrast

Dette verktøyet er nyttig for å justera undereksponerte bilete. Det justerer heile biletet slik at det lysaste punktet vert heilt på metningsgrensa, og det mørkaste punktet vert svart. Ulempen er at justeringa vert bestemt heilt og fullt ut frå det mørkaste og det lysaste punktet i biletet. Difor vil programmet ikkje ha nokon verknad dersom det finst eitt einaste svart og eitt einaste kvitt punkt i biletet frå før. Verktøyet arbeid på dei raude, grøne og blå kanalane uavhengig av kvarandre. Det kan ofte vera nyttig for å redusera fargestikk.

Strekk kontrast HSV

Kommandoen gjer det same som «Strekk kontrast», men arbeider i fargemodellen HSV i staden for i RGB. Dermed vert kuløren bevart uendra.

Fargeforbetring

Denne funksjonen aukar fargemetninga i det aktive laget utan å endra fargetone eller lysverdi. Difor verkar dette verktøyet ikkje på gråtonebilete.

Autonivå

Dette vert gjort ved å velja FargarNivå... i hovudmenyen og deretter trykkja på knappen Automatiske inndatanivå nær midten i dialogvindauget. Det kjem då opp ei førehandsvising av resultatet. Du må trykkja OK for å ta det i bruk. Ved å trykkja Avbryt i staden, vil biletet ditt gå tilbake til den førre tilstanden.

Du kan også bruke dette verktøyet halvautomatisk. Like etter knappen Auto finn du tre knappar merka med ei pipette. Held du musepeikaren over den første av desse, vil det dukka opp ein tekst som fortel at du kan velje svartpunkt. Klikk på denne og finn deretter eit skikkeleg svart punkt i biletet og klikk på dette. Klikk deretter på den tredje knappen og deretter på eit biletpunkt som ser ordentleg kvitt ut. Endeleg bruker du den midtarste knappen for å plukke ut eit grått punkt. For kvar gong du plukkar ein farge, vil du sjå at biletet endrar seg. Dersom du er fornøgd med resultatet, trykker du OK-knappen. Er du ikkje nøgd, prøv igjen, eller avslutt utan å endra biletet ved å trykka Avbryt.

Dette var dei automatiske fargejusteringane. Finn du at ingen av desse gjer nøyaktig det du ønskjer, må du over på dei interaktive fargeverktøya. Alle desse, unntatt éin, kan nåast via FargarAuto i hovudmenyen.

1.3.2. Korrigering av feileksponeringar

Det enklaste av desse verktøya er lysstyrke/kontrast. Du kan ikkje gjera så svært mykje med dette verktøyet, men det kan vera til nytte når du skal korrigera over- eller undereksponerte bilete. (Derimot er det ubrukeleg til å korrigera fargefeil med). Verktøyet har to glidebrytarar som du brukar for å stilla inn «lysstyrke» og «kontrast». Har du merkt av for førehandsvising, og det bør du, kan du sjå resultata direkte på biletet. Kjem du fram til ei innstilling du er nøgd med, klikkar du OK og biletet er endra. Kjem du ikkje fram til noko fullgodt resultat, klikkar du Avbryt, og alt vert som før.

Eit meir avansert, men berre litt vanskelegare, verktøy er «Tonenivå». Dialogvindauget for dette verktøyet ser noko innvikla ut, men til vanleg bruk greier det seg med det området som er merkt som «Inngangsnivå» og dei tre trekanta sleideknottane på skalaen like under histogrammet. Den lettaste måten å lære seg korleis verktøyet verkar, er å prøve seg fram. Forsikra deg om at du har merka av for førehandsvising. Skulle du likevel ha behov for nærare opplysningar, kan du kikke på nivåverktøya. Sjå også under «Automatisk tonenivå» ovanfor.

Eit svært kraftig verktøy for å korrigera eksponeringsfeil, er kurveverktøyet. Med dette verktøyet kan du gjere alt det dei to føregåande verktøya kan gjere berre ved å dra kontrollpunkt rundt på ei kurve i ei grafisk framstilling av fargeverdiane i biletet. Samla for alle fargane, eller kvar farge for seg. Igjen er det vel nok å minna om at den enklaste måten å læra seg bruken av verktøyet er å prøve seg fram, etter at du har forsikra deg om at førehandsvisinga er aktivert. Skulle du likevel ha behov for nærare opplysningar, kan du kikke på kurveverktøyet.

Ein annan måte å kontrollera lysstyrke og kontrast på, er å lage eit nytt lag over det laget du arbeider med. Set modus for det nye laget til multipliser. Nå kan du teikne med ulike gråtoner, frå svart til kvitt, der du ønskjer endringar i biletet. Unngå å teikne med farge, dersom du ikkje ønskjer fargeskift i biletet. Dess lysare grå du brukar, dess mindre endringar. Kvit farge gir ingen forandringar. Du bør bruke diffuse penslar. Harde penslar kan gi uønska effektar ved overgangane. Juster deretter blandingstilhøvet med glidebrytaren som styrer kor gjennomsiktig det nye laget skal vere.

Modus multipliser kan berre gjere deler av biletet mørkare. Har du bruk for å gjere deler av biletet lysare, vel du i staden modus divider. Det finst ein avansert måte å henta fram maksimalt med detaljar i biletet uansett opp- eller nedtoning:

  1. Kopier laget (lagar eit nytt lag oppå det du arbeider med).

  2. Avmett det nye laget. ( FargarMindre metning).

  3. Legg til Gaussisk sløring med stor radius, 100 eller meir. (FilterSløringGaussisk sløring).

  4. Sett modus i lagdialogen til divider.

  5. Kontroller kor sterk korreksjonen skal vere med glidebrytaren for dekkevne i lagdialogen. Du kan også bruke lysstyrke/kontrast, tonenivå eller kurveverktøyet på det nye laget før du justerar dekkevna.

  6. Når du er nøgd med resultatet, brukar du kommandoen Flett saman nedover for å slå saman laga til eitt enkelt lag.

I tillegg til multipliser og divider kan du kanskje oftare få til brukbare effektar med andre modus som t.d. etterbelys (Bm.: Brenn) eller avskygging (Bm.: Blek). Ver likevel litt forsiktig med desse filtra. Dersom du etter ei lita stund med eksperimentering riv deg laus frå datamaskinen, vil du kanskje oppdaga at sola er i ferd med å stå opp. Det er fort gjort å vert riven med. Dessutan er det slik at dess fleire val du har, dess vanskelegare er det å bestemma seg.

1.3.3. Å justere kulør og metning

Dersom biletet ditt har fargestikk, dvs. for mykje raudt, grønt eller blått, kan dette lett korrigerast ved hjelp av verktøyet for justering av fargenivå. Korriger kvart fargenivå for seg. Dersom dette ikkje vert bra nok, kan du forsøka verktøyet for å justera fargebalansen, eller kurveverktøyet. Desse to siste er likevel vanskelegare å bruka til denne oppgåva enn den første. (Dei er derimot ypparlege til andre oppgåver og spesielle effektar).

Det kan til tider vere svært vanskeleg å sjå om fargane er høveleg justerte. Eit greitt hjelpemiddel er å finne eit punkt i biletet som du veit skal vere kvitt eller grått, og plukke opp denne fargen med fargeplukkaren (pipettesymbolet i verktøykassa). Dersom denne fargen inneheld like mykje raudt, grønt og blått ut frå opplysningane som kjem fram i dialogvindauget som dukkar opp, er fargejusteringa korrekt. Dersom fargefordelinga er skeiv, er det lett å sjå kva fargar som må rettast på. Denne teknikken høver også for fargesvake med behov for hjelpemiddel til denne typen arbeid.

Dersom biletet er blast (utvaska), noko som lett skjer når du fotograferer i sterkt lys, kan du forsøka verktøyet kulør/metning. Her finn du tre glidebrytarar: kulør, lysstyrke og metning. Som oftast vert denne typen bilete sterkt forbetra ved å auke metninga og eventuelt etterjustere lysstyrken om det er nødvendig. («Lysstyrke» i denne kontrollen er ikkje heilt det same som «lysstyrke» i kontrollen for lysstyrke/kontrast sidan dei reknar ut verdiane frå litt ulike kombinasjonar av fargekanalane). I tillegg kan du med kontrollen kulør/metning også finjustera utvalde fargar med fargeknottane øvst i dialogvindauget. Desse er helst for spesiell effektar, og bør ikkje nyttast dersom du ønskjer naturlege fargar i biletet ditt.

[Tips] Tips

Sjølv om biletet er korrekt eksponert, vil det ofte sjå betre ut dersom du aukar metninga litegrann.

Dersom du fotograferar med for lite lys, får du ofte eit motsett problem. Bileta vert for mykje metta. Du kan då sjølvsagt nytta dei same verktøya som ovanfor, men redusera metninga i staden for å auka ho.

1.4. Skarpjustering

1.4.1. Gjer biletet skarpare

Dersom biletet ikkje er skikkeleg fokusert, eller du har ledd på kameraet under fotograferinga, vert biletet uskarpt. Det same kan skje om kamerabatteria er nesten flate. Eit svært uskarpt bilete er det ikkje så mykje å gjere med, men er det berre litt uskarpt kan det kanskje bergast.

Har du bruk for å gjera uklåre bilete skarpare, er filteret gjer skarpare (uskarpmaske) verd eit forsøk. Namnet skriv seg frå ein teknikk som vart brukt i mørkerommet for å gjere kopiane skarpare, men er altså, som ein del andre uttrykk, teke med over i digitalverda. Filteret er eit programtillegg og er tilgjengeleg frå biletmenyen via FilterForbetraGjer skarpare (Uskarpmaske). Filteret har to parametrar, «radius» og «mengde». Til vanleg vil førehandsinnstillingane gije gode resultat, så du bør prøva desse først. Aukar du anten radius eller mengda, vert effekten forsterka, men du risikerer at eventuell støy i biletet også vert forsterka. I tillegg kan du få nokre merkelege effektar særleg ved skarpe kantar.

[Tips] Tips

Dersom det er store kontrastar i biletet, har uskarpmaska lett for å generera fargefeil. Skulle dette skje, kan du i staden prøva å dela biletet opp i åtskilde HSV-lag og bruka uskarpmaska berre på verdi-laget og deretter setja saman biletet igjen. Dette kan verka fordi auget har mykje finare oppløysing på lysstyrke enn på fargar. Sjå separer og kombiner for meir om dette.

I nokre tilfelle kan du få ganske brukbare resultat ved å selektiv gjera spesifikke delar av biletet skarpare med verktøyet slør eller skjerp som du finn i verktøykassa og setja det i «gjer skarpare»-modus. Med dette verktøyet kan du gjera biletet skarpare ved å teikna på det aktuelle området med ein eller annan pensel. Det er likevel vanskeleg å få endringane til å sjå naturleg ut med dette verktøyet. Overgangane vert nok skarpare, men samstundes er det lett å også forsterke eventuell støy som måtte finnast i biletet.

1.4.2. Å fjerna korn

Når du fotograferar i dårleg lys, eller nyttar for rask film (høg ISO-verdi), vert biletet kornete. Du kan nok glatta ut korna ved å gjera biletet litt uskarpt, men dermed vert biletet også, ja nettopp, uskarpt. I staden finst det to andre verktøy som truleg vil gi betre resultat. Dersom korna ikkje er for store og tydelege, kan du prøva med å setja filteret selektiv gaussisk sløring til ein radius på 1 eller 2 pikslar. Du finn filteret i biletmenyen under FilterSløringselektiv gaussisk sløring. Den andre måten er ved å nytte støvfilteret. Dette finn du i biletmenyen under FilterForbetraStøvfjernar. Du kan nytte førehandsvising når du prøver ut filteret, noko som gjer det lett å eksperimentera med innstillingane.

1.4.3. Oppmjuking

Nokre gonger har du det motsette problemet: at biletet er for skarpt. Dette kan du løysa ved å gjera biletet litt uskarpt. Heldigvis er det mykje enklare enn å gjera det skarpare. Som oftast skal biletet slørast berre lite grann, så det er det enklaste å bruka eitt av sløringsfiltra. Desse finn du under FilterSløring på hovudmenyen. Dette vil gjera biletet litt mjukare. Repeter sløringa til resultatet er akseptabelt.

1.5. Å fjerna uønskte element frå eit bilete

Uønskte element har i denne samanhengen oftast to ulike opphav. Anten er det flekkar eller støy som kjem frå kameraet eller tilleggsutstyret ditt, eller det er ting som var til stades då du tok biletet, men som du ikkje ønskjer på det ferdige fotografiet, som t.d. ei høgspentlinje i eit elles nydeleg fjellandskap.

1.5.1. Støvfilteret

For å ta bort støv og å retta opp småfeil, er støvfilteret ganske nyttig. Du finn det i hovudmenyen under FilterForbetraStøvfjernar. Det er svært viktig at du brukar dette filteret på små område. Bruk eit av utvalsverktøya og marker feilen som skal rettast opp og eit lite område rundt denne, før du aktiverer filteret. Området må vere så lite at du lett kan skilja biletpunkta som høyrer til feilen frå dei «normale» punkta. (Dersom du prøver dette filteret på heile biletet, vil du truleg aldri finna ei innstilling som gir brukbart resultat). I dialogvindauget for «støvfilteret» finn du ei grei førehandsvising. Følg med på denne medan du endrar parametera med glidebrytarane. Dersom du er heldig, kan du finna ei innstilling som fjernar feilen utan å påverka området rundt for mykje. Dess tydelegare feilen er, dess enklare er det å fjerna han. Dersom det er uråd å finna innstillingar som tek bort feilen, avbryt og prøv på nytt med eit litt anna område på biletet.

Har du fleire feil av denne typen på biletet ditt, må du gjenta prosessen for ein feil om gongen.

1.5.2. Fjerning av søppel

Den enklaste måten å fjerna uønskte element frå biletet ditt, er kanskje å bruka kloneverktøyet . Med dette verktøyet kan du teikna på ein del av biletet med utsnitt teke frå ein annan del av biletet, eller frå eit heilt anna bilete. Løyndommen bak effektiv bruk av kloneverktøyet, er at det finst ein høveleg del av biletet som kan «kopierast over» den delen du vil ha fjerna. Dersom områda på biletet er svært ulike det som skal erstatta feilen, har du ikkje mykje å fara med. Heldigvis er det som oftast enkelt å finna høvelege område. Har du eit godt bilete av ei nydeleg strand, berre skjemma av ein dårleg plassert person i bakgrunnen, burde det vere lett å finna eit tomt område av stranda som kan nyttast til å klone over den uønskte personen. Det er heilt forbløffande kor naturleg slik kloning kan sjå ut. Ofte heilt umerkande dersom du arbeider litt med teknikken og er heldig med biletet.

Eit anna verktøy, som kan minne om kloninga er helbredingsverktøyet. Dette tar i tillegg også omsyn til omgivnadane ved kloninga og kan difor i mange tilfelle gi betre resultat enn vanleg kloning. Typisk bruksområde er utbetring av rynker og andre småfeil.

Du kan finna meir om kloning i hjelp for kloneverktøyet. Kloning er meir ein kunst enn ein vitskap, og dess meir du øver deg, dess betre resultat kan du oppnå. Ikkje vert skræmd om dei første forsøka vert mislukka. Øving gjer meister.

I nokre tilfelle kan du oppnå gode resultat ved å fjerna området med feil i og deretter bruka programtillegget «Resynthesizer» for å fylla inn det som manglar. Dette programtillegget vert ikkje levert saman med GIMP, men kan lastast ned frå utviklaren si nettside [PLUGIN-RESYNTH]. Som med mange andre ting, kan tidsbruken variera.

1.5.3. Fjerna raude auge

Dette er eit fenomen som kan oppstå når blitslyset vert reflektert frå netthinna til ein person eller eit dyr og tilbake til kameraet. Mange moderne kamera har blitsfunksjonar som skal hindre denne effekten, men dei verkar berre om du brukar dei, og ikkje alltid då heller. Reflekslyset frå eit menneskeauge er alltid raudt, men frå dyr kan dette lyset ha mange andre fargar.

GIMP har eit spesielt filter for å fjerna raude auge. Det enklaste er å merkja den raude delen av auget med eitt av utvalsvektøya før du opnar filteret. Det kan hende du må prøve deg fram med terskelbrytaren for å få den rette fargen.

1.6. Å lagra resultatet

1.6.1. Filer

Det finst ikkje noko eintydig svar på kva filformat du bør lagra bileta dine i. Alt kjem an på kva du har tenkt å bruka bileta til.

  • Dersom meininga er å opna biletet i GIMP igjen for å arbeida vidare på det, må du lagra i GIMP sitt eige XCF-format. Altså som «biletnamn.xcf». Dette er det einaste formatet som garanterar at det meste av informasjonen i biletet verkeleg vert lagra. Ulempen er at det berre kan lesast av GIMP.

  • Er det meininga å skriva biletet ut på papir, må du unngå å redusera formatet på andre måtar enn ved klipping. Ein skrivar kan ha frå 600 til 1400 fargepunkt per tomme (dpi = Dots Per Inch), alt etter kvaliteten og bruksområdet. Dataskjermen har frå 72 til 100 dpi. Eit bilete på 3000 x 5000 dpi ser svært stort ut på skjermen, men kjem ut som 12,5 x 20 cm på papiret med 600 ppi. Altså omlag som eit A5-ark. Skal du forstørra biletet, gjer du dette når du skriv ut, ikkje når du lagrar det. Det er uråd å forbetra oppløysinga når du forstørrar eit bilete, utanom å gå til full retusjering. Til vanleg høver formatet JPEG godt til dette føremålet. Sett kvalitetsnivået til 75 - 85. Inneheld biletet store, einsfarga biletflater, kan du setja kvaliteten enda høgare, eller nytta eit anna format som ikkje reduserer biletet, t.d. TIFF-format.

  • Skal biletet berre visast på skjerm, eller med videoprojektor, bør du ha skjermoppløysinga i tankane. (Normalt 96 ppi). Det er ingen vits i å gjera biletet så mykje større enn dette. Også her vil JPEG-formatet vera eit godt val.

  • For bilete som skal brukast på nettsider eller sendast med e-post, må du nytta alle knep for å laga biletfila så lita som råd er. (Dette er gyldig regel også om alle mottakarane har breiband). Først kan du forminska biletet til det minste formatet som likevel viser alle detaljane. Du bør likevel hugsa på at mottakaren kan nytta ein annan skjermstorleik eller skjermoppløysing enn det du gjer. Neste steg er å lagra biletet i JPEG-format. Bruk «Førehandsvising i biletvindauget» og juster kvaliteten til det lågaste akseptable nivået. (Kvar endring vert vist i biletet). Forsikra deg om at biletet vert vist i storleik 1 : 1 slik at du ikkje vert lurt til å tru at kvaliteten er betre enn han eigentleg er.

Sjå under filformat for nærare om dei andre filformata.

1.6.2. Å skrive ut foto

Du skriv ut foto frå hovudmenyen gjennom FilSkriv ut. Det kan vere nyttig å hugsa på nokre elementære reglar for å unngå overraskingar når du studerer resultatet, eller for å retta dei opp når dei førekjem. Det viktigaste er:

  • at biletet som vert vist på skjermen er i RGB-format og at utskrifta vert gjort i CMYK-modus. Difor vert fargane i utskrifta aldri heilt like dei du ser på skjermen. Dette kjem av at fargekarta dei to fargemodellane brukar ikkje er heilt like. Er du nysgjerrig på dette, kan du finna meir opplysningar på desse lenkene i Wikipedia:

  • at skjermoppløysinga er til vanleg mellom 75 og 100 dpi, medan skrivaren brukar ei oppløysing som er ti gonger høgare. Storleiken på utskrifta er avhengig av kor mange pikslar som er til rådvelde, og oppløysinga, så det utskrivne biletet vert alltid mindre enn det du ser på skjermen.

Før du skriv ut noko som helst, bør du kikka på BileteUtskriftformat for å sjå kor stor utskrifta vert. Du kan forandra storleiken anten ved å endra høgd og breidd, eller ved å endra oppløysinga. Symbolet viser at desse verdiane er lenkja saman. Normalt bør du ikkje oppheve lenkinga mellom x-oppløysing og y-oppløysing. Vanlege skrivarar brukar same oppløysinga i begge retningane.

Eit siste råd: Kontroller margane og sentreringa ved hjelp av Biletinnstillingar under FilerSkriv ut. Det ville vera synd om margane er så breie at dei skjer vekk ein del av biletet eller at ei ubrukeleg sentrering øydelegg utskrifta, særleg om du brukar spesielle fotopapir.

1.6.3. EXIF-data

Når du fotograferar med eit digitalkamera, vil dei fleste fotoapparata legge ein del informasjon om dato, kamerainnstillingane og elles kva produsenten har meint kan vere relevant, inn i biletfila. Desse opplysningane vert lagt inn i JPEG- eller TIFF-filer i eit format som vert kalla EXIF. GIMP kan i normaloppsettet ikkje gjere seg nytte av desse opplysningane, men dersom GIMP er sett opp med funksjonen for å handtere EXIF-data, kan du lasta inn filer med EXIF-data og eksportere dei att i JPEG-format utan å mista opplysningane. Dette er ikkje den ideelle måten å handtere EXIF-data på, men det er litt betre enn i tidlegare versjonar av GIMP, som ignorerte opplysningane utan å lagra dei.

Viss du ønskjer å sjå innhaldet i Exif-dataa, kan du bruka programtillegget metadata-visaren. Du har tilgang til det via BileteMetadataVis metadata i hovudmenyen.