Når du har bruk for at personen på biletet skal sjå den andre vegen, eller at toppen av biletet skal vera botnen, då spegelvender du biletet. Vel
i verktøykassen . Når du har vald verktøyet, klikk på lerretet i biletet. Du kan velja mellom å spegelvenda vassrett eller loddrett.
Når du har markert for spegelvendinga i verktøykassen, klikk inne i biletet. Biletet vert no spegelvend vassrett. I verktøyinnstillingane kan du velja om verktøyet skal spegelvenda vassrett eller loddrett. Dersom innstillingane ikkje er synlege under verktøykassen, dobbeltklikk på verktøysymbolet. Du kan også bruka tasten Ctrl for å veksla mellom dei to retningane.
Biletet nedanfor viser alle moglege former for spegelvendingar:
Figur 3.26. Eksempel på spegelvending
Originalbiletet
Vassrett spegelvending
Loddrett spegelvending
Vassrett og loddrett spegelvending