4.4. Å komprimere bilete

Figur 3.17. Eksempel på lagring i jpeg

Eksempel på lagring i jpeg

Dersom du har bilete som tek opp mykje plass på harddisken, kan du redusera filstorleiken utan å endra biletstorleiken. Dette gjer du ved å komprimera biletet. Det beste resultatet får du ved å komprimera i JPG-formatet. Sjølv om biletet originalt er lagra i dette formatet, kan du som oftast komprimera det litt ekstra utan at det går nemnande ut over kvaliteten. Dette fordi JPG-formatet brukar ein metode der du sjølv kan bestemma kor mykje biletet skal komprimerast og såleis også ha kontroll over kvaliteten. Tommelfingerregelen er at dess meir biletet vert komprimert dess fleire detaljar forsvinn i biletet. Ver også klar over at for kvar gong biletet vert lagra i komprimert JPG-format vert kvaliteten noko redusert. Som oftast vil det difor vera lurt å ha ein ukomprimert kopi på lager.

Bilete vert lagra og lasta inn som .XCF-filer. Biletet ditt er altså lasta inn som XCF. I GIMP kan du velja mellom Overskriv biletnamn.jpg eller FilEksporter som for å opna dialogvindauget «Eksporter bilete».

Figur 3.18. Dialogvindauget «Eksporter»

Dialogvindauget «Eksporter»

Når dialogvindauget vert opna er filnamnet skrive inn i namnefeltet med standardutvidinga .png. Slett denne filutvidinga og skriv inn JPG i staden. GIMP vil no finna den rette filtypen ut frå filutvidinga. Du kan bruka lista over filutvidingar (innringa på biletet over) for å sjå kva filtypar GIMP har støtte for. Kva for filutvidingar som er tilgjengelege er noko avhengig av oppsettet på datamaskinen. Dersom GIMP får problem, eller at formatet «JPEG» er gråa ut, altså ikkje tilgjengeleg, trykk på knappen Avbryt og gå gjennom Del 4.7, «Å forandra biletmodus». Deretter kan du trykka på knappen Eksporter. Dette vil opna dialogvindauget «Eksporter biletet som JPEG» med kvalitetskontrollane for JPEG-formatet.

I dialogvindauget for å lagra som jpeg, kan du bruka dei førehandssette verdiane for å redusera filstorleiken utan at det går nemnande ut over biletkvaliteten. Dette er den enklaste og raskaste måten å gjera det på.

Figur 3.19. Eksempel med moderat kompressjon

Eksempel med moderat kompressjon

Kvalitet: 90 (standard); Filstorleik: 33,7 Kilobyte

Eksempel med moderat kompressjon

Kvalitet: 75; Filstorleik: 20,1 Kilobyte


Du kan redusera biletkvaliteten for å gjera biletet mindre, men du bør sikra deg at det er kryssa av for «Førehandsvis i biletvindauget» slik at du kan ha eit auga med kvaliteten. Kvaliteten 10 gjev eit svært dårleg bilete som tek liten diskplass. Ein kvalitet sett til 75 gjev eit brukbart resultat med ein kraftig redusert filstorleik i høve til originalbiletet og vert raskare å lasta ned frå nettet. Kvaliteten er akseptabel for den tenkte bruken.

Her er det same biletet med ulike grader av komprimering:

Figur 3.20. Eksempel med sterk kompressjon

Eksempel med sterk kompressjon

Kvalitet: 10; Filstorleik: 3,4 Kilobyte

Eksempel med sterk kompressjon

Kvalitet: 40; Filstorleik: 9,3 Kilobyte


Figur 3.21. Eksempel med moderat kompressjon

Eksempel med moderat kompressjon

Kvalitet: 70; Filstorleik: 15,2 Kilobyte

Eksempel med moderat kompressjon

Kvalitet: 100; Filstorleik: 72,6 Kilobyte