4.3. Å forandra storleiken på utskrifta

Som nemnd tidlegare, har pikslane ikkje nokon bestemt storleik. Når biletet skal skrivast ut på papir, må GIMP vita kor stor kvar piksel er. Det er nettopp dette innstillinga vi kallar «oppløysing» vert brukt til, nemleg å definere forholdet mellom pikslar og ei reell måleeining. Som oftast er det engelske tommar (inches) som vert brukte som den faste måleeininga.

Dei fleste bileta vert normalt opna med ei oppløysing sett til 72. Dette talet er vald fordi den normale skjermoppløysinga var 72 den gongen normen vart sett. Dette betyr at ein piksel er 1/72 tomme. Når vi skriv ut bilete teke med moderne digitalkamera, vert utskrifta nokså stor og klumpete med synlege pikslar. Vi må fortelja GIMP at vi vil ha ein bestemt storleik utan å endra pikseldataa.

Du endrar utskriftsstorleiken ved å velja BileteUtskriftsstorleik…. Vel ei måleeining som passar deg, for eksempel millimeter (mm). Set éin av dimensjonane og let GIMP setja den andre i høve til den du sette. Sjå på endringane i oppløysinga. Viss oppløysinga er 300 ppi eller meir, vert utskrifta gjort med svært høg kvalitet utan synlege pikslar. Er oppløysinga 200 eller 150 ppi, vert pikslane så vidt synlege om du studerer bilete nøye. Verdiar under 100 gjev grove bilete med godt synlege pikslar og bør ikkje brukast unnateke for plakatar og liknande som skal sjåast på lang avstand.

Figur 3.16. Dialogvindauget for å setja utskriftstorleiken

Dialogvindauget for å setja utskriftstorleiken