3. Opna bilete

Det er fleire måtar å opna eksisterande bilete i GIMP:

Opna dialogvindauget for bilete

Den mest nærliggande måten å opna eit eksisterande bilete på er med dialogvindauget Opna bilete. Bruk FilOpna eller Ctrl+O for å opna dialogvindauget Opna bilete. Dette vindauget kan brukast for å finna fram til biletet og merkja namnet på det og så bruka knappen Opna for å lasta inn biletet. Sjå lenkja over for kvar du finn fleire detaljar om dette.

Dialogvindauget Opna bilete inneheld fleire funksjonar som hjelper deg med å raskt finna ei fil. Det viktigaste er kanskje høvet til å laga «bokmerke» for mapper du brukar ofte.

Opna frå ei nettadresse

Dersom biletet du ønskjer å opna ligg på ei nettadresse, anten det nå er Internett eller lokalnett, kan du bruka FilOpna ei nettadresse frå hovudmenyen. Du finn meir om dette i Opna adresse….

Opna tidlegare brukte filer

Dersom du tidlegare har opna eit bilete i GIMP, kan du gjenopna det med menyvalet FilOpna tidlegare brukte. Det vil då dukka opp ei liste over dei bileta du har opna tidlegare, med ein miniatyr ved sida av namnet. Du kan nå klikka på eit bilete for å opna det igjen. Nedst i denne menyen finn du Dokumentloggen som kan brukst for å visa fleire tidlegare brukte bilete. Sjå også Opna tidlegare brukte.

Filhandteraren

Dersom du har tilordna filtypen til GIMP, anten då du installerte GIMP eller seinare, kan du bruka filhandteringsprogrammet til maskinen din, som t.d. «Nautilus» i Linux eller «Windows utforsker» i Windows, for å finna biletet ditt. Når du har funne det, kan du dobbeltklikka på filnamnet eller ikonet for å opna biletet i GIMP. Dei fleste filhandsamingsprogramma har også støtte for dra og slepp (sjå nedanfor).

Dra og slepp

Du kan «dra og sleppa» eitt eller fleire bilete til Verktøykassa, eller, viss du ikkje har opna nokre bilete ennå, til det tomme biletvindauget for å opna biletet eller bileta der.

Du kan også dra eitt eller fleire bilete og sleppa det i eit ope bilete i GIMP. Biletet eller bileta vert lagt til det opne biletet som eit nytt lag eller fleire nye lag.

Mange program har støtte for at du kan dra og sleppa eit bilete inn i GIMP. For eksempel kan du dra eit bilete frå Firefox og sleppa det i GIMP si verktøykasse.

Kopier og Lim inn

Bruk FilHent innFrå utklippstavla (sjå Frå utklippstavla) for å laga eit nytt bilete med innhaldet frå utklippstavla. Du kan også bruka RedigerLim inn somNytt bilete (sjå Lim inn som nytt bilete).. I mange operativsystem kan du kopiera eit bilete til utklippstavla og lima det inn att i GIMP. Mange operativsystem har funksjonar for å kopiera skjermen til utklippstavla.

Print Screen kopierer til vanleg skjerminnhaldet til utklippstavla. «Print screen» har ikkje universell støtte og sjølv om operativsystemet kan kopiera eit bilete til utklippstavla, betyr det ikkje at GIMP kan bruka biletet frå utklippstavla. Det enklaste er å prøva og sjå om det verkar.

Biletutforskaren

Det er mange bilethandsamingsprogram som kan brukast for å bla gjennom og administrera bileta dine. Dei fungerer til vanleg på same måten som ein vanleg fillesar ved at du kan dobbeltklikka på bilete for å lasta dei inn i standardprogrammet, eller du kan bruka dra-og-slepp for å sleppa eitt eller fleire bilete i verktøykassa til GIMP.

Eksempel på program på Linux er: gThumb; sjå nettsida til gThumb [GTHUMB]. Eit anna liknande program er Geeqie [GEEQIE].